Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

18.11.1898 legg Arne Garborg fram sitt program for eit landsmålsteater i foredraget «Målteater» i Rødelaget i Kristiania. Den 17de Mai prentar foredraget 29.11., 1.12 og 2.12. Programmet blir grunnlaget for arbeidet med å skipe Det Norske Teatret (sjå 3.1.1891, 2.3.1897, 10.3.1899, 27.10.1910, 15.1.1911, 22.11.1912, 2.1.1913).
 
18.11.2004 vedtek Odelstinget samrøystes å oppheve lov om Norsk språkråd frå 1971. Eit nytt kompetanseorgan tek over og får i 2005 namnet Språkrådet (sjå 17.6.1971).
 

All verdas språk

 
18. november 1928 døyr journalisten Harold Williams i London (fødd på New Zealand 6. april 1878).

Med tida blir han journalist, er i Moskva under den russiske revolusjonen i 1917 og blir frå 1922 utanriksredaktør i The Times i London. Williams går for å vere ein av dei mest språkkunnige som nokon gong har levt. Han skal ha vore i stand til å snakke 58 ulike språk.
Der er fleire slike språkmeistrar.
I ein klasse for seg er den tyske filologen og poeten Georg Sauerwein (1831–1904), som skal ha meitra om lag 75 språk, mellom dei nynorsk. 24 år gamal publiserer han ei engelsk-tyrkisk ordbok, og i 1885 kjem Frie Viso ifraa Vigguin sungje i Nørdre-Gudbrandsdalsk Dølamaal, den første diktsamlinga som nokon gav ut på dovredialekt.
Ziad Fazah frå Libanon har budd i Brasil sidan 1971, der han arbeider som lærar. Han meiner sjølv han meistrar 59 språk, mellom anna mandarin, nepalsk og norsk. Fazah er blitt kalla a torre de Babel ambulante – eit vandrande Babel-tårn.
Den norske misjonæren Lars Skrefsrud på 1800-talet kunne etter kvart tale 42 språk. Ved ei mottaking på Amalienborg slott i 1881 spør den danske kong Christian 9. han om dette. «Deres Majestet», svarar Skrefsrud, «det kommer ikke an på hvor mange språk man taler, men hva man har å si på de språk man mestrer.»
Sist oppdatert: 08.01.2015