Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

19.11.1910 kjem første nummeret av Framstig ut i Volda med Paul M. Gjærder som redaktør. Siste nummeret kjem 21.1.1919. 
 
19.11.2003 lanserer Microsoft Office 2003 med nynorskversjon av Word, Excel og Outlook (sjå 3.6.1999, 27.4.2006 og 20.2.2007).
 
 

All verdas språk

 

19. november 1711 blir språkforskaren og naturvitaren Mikhail Vasiljevitsj Lomonosov fødd i Arkhangelsk i Russland.
I 1755 gir han ut ein grammatikk for russisk der han kombinerer russisk talemål – særleg talemålet i Moskva – og det etablerte kyrkjeslaviske språket. Med dette og gjennom eiga dikting legg han grunnlaget for moderne russisk skriftspråk. «Eg kan ikkje nok gle meg over at vårt russiske språk i kraft og heroisk klang ikkje står tilbake for latin, gresk og tysk», skreiv han i 1740.
I rettskrivinga kjem den neste store reforma 15. oktober 1918. Då blir ei ny rettskriving for russisk innført i Sovjetunionen. Den skal brukast i all forvaltning, publikasjonar, vitskaplege arbeid m.m. Den nye rettskrivinga etablerer det moderne russiske alfabetet med 33 bokstavar og representerer ei sterk forenkling.
Innføringa av den nye rettskrivinga tek tid – i 1920 kjem Karl Marx’ Kapitalen i gamal rettskriving, og det russiske vitskapsakademiet bruker den gamle rettskrivinga til 1924.
Sist oppdatert: 25.08.2014