Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

2.11.1954 blir vedtekter for Lagsbruksnemnda vedtekne (sjå 26.3.1949).

2.11.2006 kårar Nynorsk kultursentrum i Oslo vinnarane i ein konkurranse om nye feiringssalmar på nynorsk til bruk ved dåp, konfirmasjon eller bryllaup. I alt har det kome inn 105 nyskrivne salmar, og førsteprisen går til dåpssalmen ”Du er Guds barn, nett no” av Emil Skartveit. Juryleiar er Oskar Stein Bjørlykke.

2.11.2010 legg teatersjef Erik Ulfsby fram repertoaret på Det Norske Teatret for 2011. Teatret vil dette året opne ei ny Scene 3, som erstattar tidlegare program på Prøvesalen.

All verdas språk

2. november 1930 blir Tafari Makonnen keisar av Etiopia og tek namnet Haile Selassie I. Fem år seinare held han 12. mai 1936 ein stor og symboltung tale i Folkeforbundet i Genève.

Dette er fem dagar etter at den italiensk-etiopiske krigen har enda med italiensk okkupasjon, og til sterke protestar frå italienarane i salen blir han introdusert som «Sa Majesté Imperiale, l’Empereur d’Ethiopie». Engelsk, spansk og fransk er dei offisielle språka i Folkeforbundet, og Selassie snakkar fransk flytande, men denne talen held han på sitt eige språk amharisk. Med sitt antifascistiske innhald vekkjer talen enorm oppsikt, og det amerikanske magasinet Time kårar Selassie til «Man of the Year».

Året før har Haile Selassie innført ei ny grunnlov som gjer amharisk til det offisielle språket i Etiopia. Han set også i gang omsetjing av Bibelen til amharisk. Manuskriptet blir sendt til London, men der blir mesteparten av opplaget øydelagt då tyske styrkar bombar byen. Bibelen blir seinare prenta i USA, men då blir ein stygg feil i omsetjinga oppdaga, og det meste av opplaget blir øydelagt. Ei ny utgåve på amharisk kjem først i 1962.   

Sist oppdatert: 01.11.2017