Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.11.1936 kjem første nummeret av Gjallarhorn ut i Førde. Siste nummeret kjem 24.4.1940.

20.11.1952 melder Norsk Tidend at Almanakkforlaget har vedteke å gi ut Den 7de Sans også på nynorsk frå og med 1954. Det er Noregs Ungdomslag som har oppmoda forlaget om å gjere dette.

All verdas språk

20. november 2004 kårar VG-lesarane kjærleik til det vakraste ordet i norsk språk. Tidlegare same året har sjåarane av tv-programmet «Typisk norsk» 19. mai kåra dugnad til Noregs nasjonalord.

Ved ei liknande kåring i Tyskland er Habseligkeiten (eigedelar, eignelutar) 24. oktober 2004 blitt kåra til det vakraste tyske ordet i regi av Deutscher Sprachrat og Goethe-Institut. Frå 111 land kom det inn framlegg om 22 838 ulike ord. På dei neste plassane kjem orda Geborgenheitlieben og Augenblick.

Deutscher Sprachrat er blitt skipa 29. mai 2003 som eit fellesorgan for ei rekkje tyske språkinstitusjonar – Deutsche Akademische Austauschdienst, Gesellschaft für deutsche Sprache, Goethe-Institut og Institut für Deutsche Sprache. Rådet skal fremje diskusjon, kunnskap og kritisk refleksjon om det tyske språket.

Norsk er eit språk der enkeltord gjerne blir sette saman til lengre ord. Den uoffisielle noregsrekorden i lange ord sette Venstre-politikaren Torstein Slungård i ein tv-debatt før stortingsvalet i 1977. «Når det gjelder grunnlagsinvesteringsvirkemiddelproblematikken», sa han. Utan å trekkje pusten.

Sist oppdatert: 20.11.2017