Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

21.11.1946 blir Venner av Det Norske Teatret skipa med Lars Reinton som første formannen.

21.11.1968 legg regjeringa Borten fram St.meld. nr. 15 (1968–69) Om språksaka, som byggjer på innstillinga frå Vogt-komiteen (sjå 31.1.1964, 23.3.1966, 20.4.1970).

21.11.2007 legg NIFU Step fram sluttrapport om eit treårig forsøk med valfri sidemålsundervisning ved ni vidaregåande skular i Oslo (sjå 6.9.2004). Undersøkinga viser få resultat som talar for at forsøket har vore vellykka (sjå 4.3.2008).

21.11.2014 legg dei fire samarbeidspartia i Stortinget fram sitt samla budsjettforslag for 2015. I forslaget får Nynorsk avissenter i Førde sitt første ordinære driftstilskot frå staten på 2,2 millionar kr.

21.11.2018 legg Språkrådets framtidsutval under leiing av Unn Røyneland fram rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur (sjå 27.10.2005). Med språkmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg språkpolitikk frå 2008 som utgangspunkt framhevar utvalet at dei norske språka er truga av engelsk, og utvalet legg fram ei rekkje tiltak for å endre dette. Store mengder språkdata for tale og skrift må samlast inn og stillast til rådvelde for mellom anna talesyntese og talegjenkjenning på nynorsk, bokmål og dialektar. Vidare rår utvalet mellom anna til at norsk skal vere obligatorisk språk i grunnskulelærarutdanningane for å sikre dei språklege rettane til alle barn for både bokmål og nynorsk. Rapporten blir eit av grunnlagsdokumenta for ny språkmelding og språklov.

All verdas språk

21. november 1990 har filmen Dances with Wolves premiere i USA med Kevin Costner som regissør og i hovudrolla som John J. Dunbar.

Om lag ein tredel av all tale i filmen er på lakota, eit språk brukt av sioux-urfolket. Dialogen i filmen er omsett av språklæraren Doris Leader Charge. Lakota blei første gongen dokumentert av misjonærar i 1840-åra. Det er gjensidig forståeleg med dei to andre sioux-språka – vestdakota og austdakota. Vel 6000 menneske taler i dag lakota.

Språk har vore både motiv og tema i ei rekkje spelefilmar. Blant desse er The Miracle Worker (1962) av Arthur Penn om Helen Keller som lærer seg teiknspråket, L’enfant Sauvage (1969) av Francois Truffaut om den språklause guten Victor de l'Aveyron som dukka opp 8. januar 1800 i sør-Frankrike, og Windtalkers (2002) av John Woo, der navajo blir brukt som kodespråk under den andre verdskrigen.

I 2005 gir den indiske diplomaten Vikas Swarup ut romanen Q & A. Forteljinga om guten Ram Muhammad Thomas frå slummen i Mumbai er inspirert av spørjeprogrammet Vil du bli millionær? Boka blir tre år seinare til filmen Slumdog Millionaire. Då har guten skifta namn til Jamal Malik, all tale er forenkla, og i den internasjonale versjonen er alle replikkar på ulike indiske språk teksta.

Video: Sluttscena i Dances with Wolves, «Farewell Ending Scene (Director's Cut)»:

Sist oppdatert: 22.02.2019