Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


22.11.1912 blir L/L Det Norske Teatret skipa i Møllerg. 20 i Kristiania med Hulda Garborg som første formann og Rasmus Rasmussen som første teatersjef. Eit førebuande møte 5.11. har laga framlegg til lover, og aksjekapitalen er på 21 000 kr (sjå 3.1.1891, 2.3.1897, 18.11.1898, 10.3.1899, 27.10.1910, 15.11.1911, 22.11.1912, 2.1.1913).

All verdas språk

22. november 2011 opphevar telestyresmaktene i Pakistan eit forbod mot 1695 uønskte ord i tekstmeldingar som er blitt innført 14. november. Forbodet strekte seg frå slang til bannord og såkalla obskøne ord, og på lista stod både «Jesus Kristus» og «idiot». Ei kortare liste blir varsla, utan tidfesting.
Forbod mot uønskte ord har kome fleire stader.
Polen innfører 8. mai 2000 ei språklov som mellom anna skal hindre «vulgær språkbruk».
USA har også gjort sitt. Der held høgsteretten 3. juli 1978 med fem mot fire røyster fast på eit forbod mot George Carlins «sju skitne ord» og andre uanstendige uttrykk i radio og tv “when there is a reasonable risk that children may be in the audience”. På plata Class Clown frå 1972 har komikaren Carlin teke med “Seven Words You Can Never Say on Television!”. Dei sju orda er shit, piss, fuck, cunt, cocksucker, motherfucker og tits. Det har hendt før at ord er blitt forbodne i USA.
Den 17. mars 1952 blir eit forbod mot ordet tornado oppheva. Forbodet var blitt innført i 1886 av di US Army, som hadde ansvaret for vêrmeldingar, meinte at det å varsle tornadoar gjorde større skade enn dei øydeleggingane tornadoane sjølve medførte.
I engelsk kjem ordet taboo i bruk frå 1777. Ordet er truleg lånt frå språk tonga på stillehavsøya Tonga, der den oppdagingsreisande James Cook var det året.
Sist oppdatert: 21.03.2014