Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.11.2007 gir Fonna Forlag ut første juleheftet i ei nye rekkje Ingeniør Knut Berg, skrive av Jon Bing & Tor Åge Bringsværd, teikna av Knut Westad. Det er første gongen på 47 år at det kjem eit nytt hefte om Knut Berg. Det tredje og siste heftet i den nye rekkja kjem ut i 2009 (sjå 5.7.1941).

23.11.2011 lanserer Det Norske Samlaget den første mobilapplikasjonen, basert på boka Neikob og Jakob av Kari Stai.

Ikonet for mobilapplikasjonen Neikob og Jakob. 

23.11.2018 legg kulturminister Trine Skei Grande fram kulturmeldinga Kulturens kraft (sjå 29.8.2003). Der heiter det at det er «ein rikdom å ha to norske skriftkulturar – bokmål og nynorsk». Vidare skriv regjeringa: «Både bokmål og nynorsk er under press frå engelsk. I tillegg er nynorsk på ulike måtar under press frå bokmål. Det er behov for ein overordna og aktiv språkpolitikk som balanserer maktforholda mellom ulike språklege hegemoni.»

All verdas språk

23. november 1800 gjer den tyske naturvitskapsmannen Alexander von Humboldt dei siste førebuingane i hamnebyen Cumaná i Venezuela for å setje kurs for Cuba neste dag.

Saman med den franske botanikaren Aimé Bonpland har han 5. juni 1799 lagt ut på ein ekspedisjon frå Spania. Den 16. juli har dei nådd fram til Cumaná i det som seinare blir kalla Venezuela. I åra som følgjer, gjer dei mange reiser i området. Våren og sommaren 1800 er dei på ei 2800 km lang reise oppover Orinoco-elva. Det gir opphavet til ein usikker, men talande anekdote.

Landsbyen Maypure eller San Juan Nepotnuceno des Atures er blitt bygd i 1748, men berre 47 menneske bur der då Humboldt og Bonpland kjem dit. Dei som budde der før, var av ature-folket, som skal ha flykta ut på ei øy i elva for å kome seg unna angriparar. Berre femti år seinare er alle borte, seiest det, kanskje har ein epidemi knekt dei. Humboldt-ekspedisjonen dreg ut på øya og tek med seg beinrestar frå graver.

Her tek den vesle reiseskildringa ei uventa vending. Folk i landsbyen fortel Humboldt om ein papegøye som skil seg frå dei andre papegøyane. Folk forstår ikkje kva han seier. Det meiner det er fordi han snakkar språket til det utdøydde ature-folket.

Historia er vakker, men har sine sider. Humboldt høyrer ikkje sjølv papegøyen snakke, men blir fortald at han er uråd å forstå, og at det var fordi han snakkar som dei som er blitt borte. Det språket som blir sagt å vere ute av bruk, må ha vore piaroa, som i dag blir snakka av om lag 15 000 menneske. Alderen på papegøyen er derimot ikkje noko poblem; somme artar kan bli inntil 100 år gamle.

Sist oppdatert: 22.02.2019