Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
24.11.1877 prentar Fedraheimen «Den fyrste songen» av Per Sivle.
Per Sivle, ca 1880.  Kjelde: Arbeidernes Leksikon Oslo, 1936. Ukjend fotograf,  ingen CC .

24.11.2000 sluttar Stortinget seg til framlegget frå regjeringa Stoltenberg i St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving om å fullføre Norsk Ordbok innan 2014 (sjå 17.12.1999).
 

All verdas språk

24. november 1642 støyter den nederlandske sjøfararen Abel Tasman på ei øy han kallar Anthoonij van Diemenslandt, seinare Tasmania.

Frå Europa kjem det med tida fleire ekspedisjonar som får språklege følgjer i denne verdsdelen. Den 18. januar 1788 fører guvernør Arthur Phillip HMS «Supply» inn i Botany Bay like sør for dagens Sydney i Australia. Skipet er ein del av The First Fleet, som markerer den første engelskspråklege busetjinga i Oseania.

I 1803 tek England kontroll over Tasmania, og då bur det om lag 10 000 innfødde der. Dei som ikkje døyr av nye sjukdomar som kjem med innvandrarane, blir tvangsflytta til Flindern Island.

Det kan ha budd menneske i Australia i minst 50 000 år, men uvissa er stor om det såkalla proto-australske språket desse menneska talte. Den gongen var New Guinea og Australia eitt landområde som blei skilt av sjø 8000 f.Kr. Den dag i dag er New Guinea det landet i verda som har flest språk – færre enn fire millionar menneske bruker 830 ulike språk. Då europearane buset seg i Australia, er der noko slikt som 700 stammar med 300 000 aboriginar, urfolk. Dei taler om lag 260 ulike språk.

Foto: Asela Abhagapala, flickr.com CC BY 2.0

Aboriginar frå Nordterritoriet i Australia. Aboriginar er eit australske urfolk. Her frå festivalen Canberra Multicultural Festival (2008). Foto: Asela Abhayapala, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

I dag har Australia om lag 250 000 aboriginar med om lag 70 ulike språk. Den australske regjeringa godkjenner eit eige flagg for urfolka 14. juli 1995, og tre år seinare bed styresmaktene offisielt om orsaking for framferda mot urfolka i form av National Sorrow Day 26. mai 1998

 
 
Sist oppdatert: 23.11.2017