Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

25.11.1929 debuterer Kristian Matre med forteljinga I bast og band hos Erik St. Nilssen. 

25.11.1933 debuterer Tea Kummen med forteljinga Den blå bringeduken på Olaf Norlis forlag. 

25.11.1942 kjem første nummeret av Folkebladet for Sogn og Fjordane ut i Florø med Kristian Pålsrud som redaktør. Avisa er eit framhald av Firda Folkeblad. Siste nummeret kjem 3.5.1945.

25.11.1976 omtalar Sissel Lange-Nielsen novellesamlinga Kringsett av fiendar, som Åsmund Forfang debuterer på nynorsk med på Gyldendal Norsk Forlag. Han debuterte på bokmål i 1972. Same dagen debuterer Ivar Medaas med visesamlinga Dar kjem dampen og andre viser på Noregs Boklag. Boka er illustrert av Ellen Auensen. 

25.11.1985 skipar Hordaland fylkeskommune og Vestlandske Teaterlag Hordaland Teater L/L. I 1987 utvidar fylkeskommunen sin del av aksjekapitalen og overfører dei nye aksjane til Hordaland Mållag, Hordaland Ungdomslag, Hardanger Ungdomslag, Hordaland Folkeopplysningsråd og Folkeakademi, og Hordaland Studiesamnemnd. Første styreformannen er Simon Kringnes, og Anne Gullestad er første teatersjefen (sjå 15.2.198826.5.1988).

All verdas språk

25. november 2008 røystar 76 prosent av innbyggjarane på Grønland for å utvide heimestyret til sjølvstyre. Det nye sjølvstyret gjeld frå 21. juni 2009 og gjer kalaallisut (grønlandsk) til einaste offisielle språk.

Foto: Nick Russill, flickr.com CC BY 2.0

Foto: Nick Russill, flickr.com CC BY 2.0

Grønland var dansk koloni frå 1721 til 5. mars 1953 og dansk amt til 1. mai 1979, då heimestyre blei innført. Opplæringspolitikken for kalaallisut har utvikla seg gjennom tre fasar på denne tida. Frå 1721 var all opplæring basert på dette språket, men lenge var det berre gutar som gjekk på skule.

I 1925 innførte den danske kolonimakta ein jamt sterkare fordanskingspolitikk som mellom anna framheva retten til å lære dansk. Frå 1953 auka presset for å lære dansk og å bli dansk, men alt i 1960-åra melde tvilen seg om dette lét seg gjere fullt ut. Difor tok ei ny tid for kalaallisut til då heimestyret for Grønland blei innført 1. mai 1979.

Sist oppdatert: 26.08.2020