Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

26.11.1797 kunngjer Sivert Aarflot at han har opna gratis «Laane-Bibliothek i Ørstens Sogn» med 104 av sine eigne bøker på Årflot i Ørsta. Dette er truleg det første biblioteket på landsbygda i Noreg. I 1799 femner biblioteket også om Volda hovudsokn, og året etter flyttar han med familien og biblioteket til Ekset i Volda. Med tida blir Ivar Aasen ein av dei flittigaste brukarane av boksamlinga.
 
26.11.1941 kunngjer sjef for Kultur- og Folkeopplysningsdepartementet Gulbrand Lunde at ei ny rettskriving skal gjelde frå 1.1.1942. Former som hage, høgfjell, lauv, vatn blir obligatoriske. For vekeblad og aviser utgitt utanfor Oslo gjeld rettskrivinga frå 1.3., og for filmtekstar frå 1.9.1942 (sjå 13.6.1942).
 
26.11.2009 skriv Utlendingsdirektoratet i brev til Språkrådet at dei no vil lage statsborgarbrev også på nynorsk. Språkrådet har teke opp saka på vegner av familien Stephen J. Walton.
 

All verdas språk

26. november 1949 vedtek den grunnlovgivande forsamlinga i India ei grunnlov på 444 paragrafar. Ein av dei slår fast at hindi skal vere det offisielle skriftspråket i India.

Lova gjeld frå 26. januar 1950, og med mindre parlamentet vedtek noko anna, skal all bruk av engelsk i offisielle samanhengar vere avvikla innan 26. januar 1965. Sterke reaksjonar frå område i India som ikkje bruker hindi, fører til at parlamentet 27. april 1963 vedtek ei språklov for India, The Official Languges Act. Denne lova gjer det lovleg å halde fram med å bruke også engelsk som offisielt språk. Enno står engelsk så sterkt at det er eit grunnlovfesta krav at lover i India skal skrivast på engelsk og liggje føre på hndi i tillegg.

Statsminister Jawaharlal Nehru seier det slik: “This is a Bill, in continuation of what has happened in the past, to remove a restriction which had been placed by the Constitution on the use of English after a certain date i.e. 1965. It is just to remove that restriction that this is placed.”

Året etter døyr Nehru, og tanken om hindi som einaste offisielle språk får ny næring. Det utløyser nye aksjonar som toppar seg 26. januar 1965. Den 16. desember 1967 presiserer parlamentet i eit nytt vedtak «the virtual indefinite policy of bilingualism».

Aviser på hindi og ei på engelsk, frå ein aviskiosk i India. Foto: counterclockwise CC BY 2.0
Aviser på hindi og ei på engelsk, frå ein aviskiosk i India. Foto: counterclockwise, Flickr.com CC BY 2.0.
Sist oppdatert: 06.06.2017