Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

27.11.1899 blir Kristiania Rigsmaalsforening skipa (sjå 7.4.1907).

27.11.1909 går det første toget på Bergensbanen frå Kristiania til Bergen. Då toget kjem til Voss denne laurdagskvelden, er over 2000 menneske samla på stasjonen. Ordførar Nils J. Finne opnar helsingstalen sin på landsmål med orda ”Herre Konge!” og er truleg den første som taler på landsmål til kong Haakon 7 (sjå 8.2.1913).

Kong Haakon under opninga av Bergensbanen på Finse i 27. november 1909. Til venstre for kong Haakon står arbeidsminister Nils Claus Ihlen. Foto: Anders B. Wilse, kjelde: Norsk Jernbanemuseums samling. Med løyve for Allkunne frå Norsk Jernbanemuseum.


Kong Haakon under opninga av Bergensbanen på Finse i 27. november 1909. Til venstre for kong Haakon står arbeidsminister Nils Claus Ihlen. Foto: Anders B. Wilse, kjelde: Norsk Jernbanemuseums samling. Med løyve for Allkunne frå Norsk Jernbanemuseum.

27.11.2008 legg Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum fram ein omfattande forprosjektrapport av Kirsti Mathilde Thorheim om eit Jon Fosse-arkiv.

27.11.2014 legg Nynorsk kultursentrum fram ei skisse til ein ny driftsorganisasjon for Norsk Ordbok og dei språksamlingane som no er ved Universitetet i Oslo. Den prioriterte løysinga er å leggje språksamlingane til Universitetet i Bergen og ordbokredaksjonen til Høgskulen i Volda. (Sjå 31.10.2014 og 23.11.2015).

27.11.2016 vedtek Stortinget å greie ut om retten til opplæring på eige språk i grunnskulen skal gjelde også for elevar i ungdomsskulen. Bak vedtaket står Senterpartiet, Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkearti, Venstre og SV (sjå 17.6.).

All verdas språk

27. november 1710 blir biskop og professor i poesi Robert Lowth fødd i Hampshire, England.

Han gir i 1762 ut A Short Introduction to English Grammar for å dekkje behovet for ein enkel, pedagogisk grammatikk  engelsk. Den første engelske grammatikken har William Bullokar gitt ut i 1586: Pamphlet for Grammar. Den skriv han med si eiga engelske rettskriving som han kallar «reformed spelling system».

Utover på 1500- og 1600-talet kjem fleire grammatikkar for engelsk som er skrivne på latin. Den siste er Grammatica Linguae Anglicanae av Christopher Cooper frå 1685. Boka av Lowth får mykje å seie og blir brukt av svært mange. I 1795 følgjer Lindley Murray opp med English Grammar, der han dreg store vekslar på framstillinga til Lowth. Begge bøkene er normative – Murray opnar grammatikken sin med denne setninga: «Engelsk grammatikk er kunsten å skrive og snakke det engelske språket med anstand».

Grammatikken av Lowth er i bruk til ut på 1900-talet, og i 1850 er boka av Murray trykt i 200 opplag og seld i 20 millionar eksemplar.

I det 20. hundreåret blir mange viktige engelskgrammatikkar skrivne av nederlendarar og danskar. Eit hovudverk er den danske språkforskaren Otto Jespersens A Modern English Grammar on Historical Principles i sju band i 1909–49. Den siste delen kjem dermed fleire år etter at Jespersen døyr i 1943.

Sist oppdatert: 06.06.2017