Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

28.11.1901 vedtek Odelstinget med 45 mot 40 røyster at det skal vere to oppgåver ved skriftleg norskeksamen i lærarskulane: ”Elev, som har avfattet begge i samme sprogform (landsmaal eller bogmaal) skal desutan underkaste sig prøve i skriftlig gjengivelse av et oplæst stykke eller i at skrive en let stil av fortællende indhold i den anden sprogform.” Lagtinget vedtek det same med 21 mot 7 røyster. Lova blir sanksjonert i 1902.
28.11.1952 kjem første nummeret av Bruvik ut på Dalekvam med Andreas Arne som redaktør. Avisa går inn i 1975.
28.11.1979 kjem første nummeret av Storfjordnytt ut i Norddal med Terje Linge som redaktør.
28.11.2006 kunngjer fornyingsminister Heidi Grande Røys at ho i august utfordra Microsoft til å utvikle eit talesynteseprogram som omformar tekst frå ulike dataprogram til lyd. Programmet skal verke på både nynorsk og bokmål, og Noreg blir eitt av dei første landa med eit slikt gratis nasjonalt program, på Microsoft si plattform.
28.11.2014 gir vekeavisa Norge IDAG for første gong ut vedlegget Kulturavisa, 24 sider redigert på nynorsk. Ansvarleg redaktør er Finn Jarle Sæle, og det skal bli ei avis «for gjenreising av norsk kultur og demokratideltaking».

All verdas språk

28. november 1899 publiserer ei stor gruppe profilerte riksmålsbrukarar eit signert opprop der dei protesterer mot jamstillingsvedtaket i 1885 og seinare tiltak som skal fremje bruken av nynorsk. «Det er overhovedet ikke Skolens Sag at lave Sprog», heiter det i oppropet.

Eit par veker seinare, 13. desember, går ein arbeidskomité under leiing av språkforskaren Hjalmar Falk i gang med arbeidet for å fremje riksmålet. Alt i 1901 stoppar det opp, til Bjørnstjerne Bjørnson blæs liv i laget att. Den 7. april 1907 blir Norsk Riksmaalsforening skipa i Kristiania med Bjørnson som første formann. Organisasjonen endrar namn til Norsk Riksmaalsforbund i 1909. Forbundet arbeider for at riksmål skal vere det einaste skriftspråket i Noreg og gir frå 1912 ut Riksmålsbladet.

Den 19. februar 1907 vedtek regjeringa ved kongeleg resolusjon den første rettskrivingsreforma som inneber at avstanden aukar mellom dansk og riksmål, seinare bokmål. Den saka har Kirkedepartementet arbeidd med sidan 1897.

På det meste har Riksmålsforbundet over 200 lokallag eller foreiningar. Kring 1950 er om lag 25 000 medlemer registrerte. Talet minkar til 10 000 i 1960, og i 2015 har forbundet om lag 1500 medlemer. I tillegg er då om lag 500 med i lokale riksmålsforeiningar.

Sist oppdatert: 06.01.2016