Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

29.11.1894 annonserer Det Norske Samlaget i Fedraheimen at prøvenummeret av tidsskriftet Syn og Segn no er ferdig. Redaktørane er Rasmus Flo, Arne Garborg og Moltke Moe.

29.11.1941 gir Norsk Barneblads Forlag ut første juleheftet av Smørbukk (sjå 16.7.1938). Med unntak av 1944 har Smørbukk-julehefta kome med nyteikna serie kvart år sidan.

29.11.2008 blir redaktør Karoline Riise Kristiansen i ABC Startsiden tilsett som ny sjefredaktør i Nynorsk Pressekontor.


All verdas språk

29. november 1920 blir Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken etablert, formelt frå 22. desember 1922. Armensk blir offisielt språk i den nye republikken.

I 405 utvikla munken Mesrop Mashtots det armenske alfabetet som framleis er i bruk. Armensk var på denne tida eit av dei store språka, men det har vore vanskeleg å fastleggje opphav og utvikling for dette indoeuropeiske språket. Armensk busetjing blir spreidd og delt gjennom fleire avtalar mellom herskande land, og dette fører til at armensk på 1800-talet blir delt i austarmensk og vestarmensk.

I åra 1915–17 tvangsflyttar det tyrkiske styret armenarane frå Anatolia i Det osmanske riket, og om lag 1,5 millionar menneske mistar livet. Etter dette folkemordet blir store mengder tyrkiske lånord fjerna frå armensk. I praksis er det no austarmensk som dominerer heilt i Armenia, som er sjølvstendig stat frå 1991.

I den armenske hovudstaden Jerevan blir Matenardan, Mesrop Mashtots-instituttet for gamle manuskript, etablert i 1959. Alt på 400-talet var der ei stor samling av manuskript i Vagharshapat, eit par mil frå dagens Jerevan. Over 10 000 manuskript blir brende i 1170, men samlingane blir bgde opp att. No har Matenardan nær 17 000 manuskript og 30 000 andre dokument på mange språk.

Sist oppdatert: 26.08.2020