Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

3.11.1917 fastset regjeringa i lov «om rikets inddelingsnavne» skrivemåten av namna på 188 kommunar.

3.11.1977 blir Mediemållaget skipa.

3.11.1990 refererer Møre-Nytt kva Theo Koritzinsky på ny har sagt om Aasen-tunet, denne gongen på ein konferanse i Førde (sjå 11.9.1990). I lunsjpausen på distriktshøgskulen i Volda les Arne Apelseth, Ola E. Bø og Jostein Nerbøvik avisoppslaget. «Ja vel, så gjer vi noko med det!» seier Nerbøvik. Same kvelden vedtek styret i Aasen-museet å arbeide for å få til «eit institutt for nynorsk språk og kultur» i Aasen-tunet.

3.11.2009 får Kunnskapsdepartementet eit opprop frå 50 ordførarar som krev nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege. Aksjonen blei sett i gang av Vindafjord Mållag i mai (sjå 7.5.2009). 

3.11.2017 kjem første nummer av papiravisa Framtida Junior, trykt i om lag 57 000 eksemplar. Avisa blir spreidd til abonnentane og som istikk i Hallingdølen, Hordaland og Sogn Avis, dessutan i stordistribusjonen til avisene Sunnhordland og Os og Fusaposten.

All verdas språk

3. november 1957 går namnet Laika inn i språk over heile verda. Namnet er ei avleiing av det russiske ordet laikat, som tyder ‘bjeffe’.

Denne dagen skyt Sovjetunionen opp raketten Sputnik 2 med hunden Laika om bord. Hunden er det første levande vesenet som går i bane rundt jorda. Laika døyr under ferda alt etter få timar. Først i 2002 blir det kjent at hunden truleg døydde av overoppheting. Satellitten er ikkje laga for å kome heil attende og går i oppløysing etter 2570 jordomflygingar i april 1958.

Den sovjetrussiske statsleiaren Nikita Khrusjtsjov har ønskt at raketten skulle skytast opp på 40-årsdagen for den russiske revolusjonen 7. november. Raketten Sputnik 1 er overraskande blitt skoten opp få veker før, 4. oktober 1957, og over natta blir ordet eit allment ord som i mange år blir brukt om kunstige satellittar også i vestlege språk.

Romhunden Laika. Foto: RV1864, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Romhunden Laika. Foto: RV1864, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sist oppdatert: 16.07.2018