Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

30.11.1810, i nr. 48 av Norsk Landboeblad, tek Sivert Aarflot til å prente ”Nu brugelige Norske Talemaader og Ordsprog” av Jon Vassbotn frå Volda. Dette er truleg den første språkoppskrifta frå ein bonde. Siste utdraget blir prenta i nr. 4/1811.

30.11.1904 melder Nordenfjeldsk Tidende at det første juleheftet på landsmål for vaksne, Jolekvelden, no ligg føre. Halvdan Koht er redaktør, og siste nummeret kjem i 1907.

30.11.1920 omtalar Matias Skard Salmar og aandelege songar i Agder Tidend. Denne debutboka av Bernt A. Støylen kjem ut på Lunde & co.s forlag i Bergen. Boka inneheld 151 originale og 164 omsette salmar og songar.

30.11.1951 omtalar Nordlands Avis lyrikksamlinga Flyg mine fuglar av Astrid Langjord, som debuterer med denne boka på Magnus Evjebergs forlag. Titteldiktet hadde ho på prent i Austland 5.11.1925 under namnet Eldbjørg.

30.11.2009 får Espen Lothe og Ann-Magritt Banne i Florø tilverkingsløyve for å bryggje øl. Dei skipa Kinn Bryggeri AS i april, det første ølet får namnet Pilegrim, det neste Sjelefred.  Dei profilerer seg på nynorsk, og motivet på etikettane til alle ølsortane frå bryggeriet er Ivar Aasen. Han er teikna av Oda Valle utan overdriven likskap og med mange uttrykk. Lothe spurde Nynorsk kultursentrum om løyve til å bruke motivet. Ei flaske utan etikett frå den første tappinga er i samlingane til Ivar Aasen-tunet.  

All verdas språk

30. november 1982 gir den amerikanske artisten Michael Jackson gir ut Thriller på plateselskapet Epic Records.

Saman med produsenten Quincy Jones har han arbeidd med opptaka mellom 14. april og 8. november. I alt arbeidde dei med 30 songar, og av dei ni som kjem med på plata, er fire skrivne av Jackson sjølv.

Dette er ei av dei første platene som det blir laga musikkvideoar til, og inga plate er blitt seld i fleire eksemplar. Salstalet skal liggje mellom 65 og 110 millionar, medan Pink Floyds The Dark Side of the Moon frå 1973 truleg er blitt seld i om lag 50 millionar eksemplar. Thriller blir dermed det enkeltståande kunstverket som har nådd lengst ut med engelskspråklege songar. I 1984 blir suksessen krona med åtte Grammy-prisar.

Sist oppdatert: 26.08.2020