Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kultuhistorie

4.11.1814 blir den reviderte Grunnlova vedteken. Her blir språk nemnt i fleire paragrafar, og av politiske grunnar er det no uttrykket ”det norske Sprog” som blir brukt (sjå 17.5.1814).

4.11.1852 blir Ivar Aasen vald inn som medlem i Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab.

4.11.1929 kjem første nummeret av Fjordingen ut i Stryn med Torleiv Bergmann som redaktør.

4.11.1916 presenterer styreleiar og arkitekt Kristen Tobias Rivertz planar og teikningar for nybygg for Det Norske Teatret i Kristian IV g. 4 i Kristiania. Teatersalen skal ha plass til 750 gjester (sjå 15.1.19145.7.19166.5.1985).

4.11.2007 opnar leiar i nærings-, miljø- og kulturkomiteen i Stord kommune, Fredrik Litleskare, den nye nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu i Leirvik på Stord. Festspeldiktar dette første året er Oskar Stein Bjørlykke.


All verdas språk

4. november 1814 vedtek Stortinget endringar i den grunnlova som riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok 17. mai same året.

I § 33 heiter det no at «Alle Forestillinger om Norske Sager … forfattes i det norske Sprog». Vedtaket blir gjort for å hindre at svensk skal bli styringsspråk i den nye svensknorske unionen, og det inneber at det danske skriftspråket no blir kalla norsk i Noreg.

I Grunnlova av 17. mai 1814 heitte det i § 92 at ”til Embeder i Staten maa allene udnævnes de norske Borgere, som bekjende sig til den evangelisk-lutterske Religion, have svoret Constitutionen og Kongen Troskab, og tale Landets Sprog”. § 33 blei oppheva i 2008.

Den 3. mai 2012 går fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Ap, Sp og SV) i ei innstilling inn for at Grunnlova «må foreligge i begge de to offisielle målformene i Norge, bokmål og nynorsk» til 200-årsjubileet 17. mai 2014. Dei viser til at fleirspråklege land som Canada, Finland og Sveits har konstitusjonen på sine ulike offisielle språk. Fleirtalet føreset at «Stortinget ser de to versjonene som likestilte på alle vis». Komiteen legg samstundes fram sitt framlegg til bokmålsversjon. Med 151 mot 12 røyster frå Kristeleg Folkeparti og Venstre sluttar Stortinget seg til framlegget 21. mai 2012.

Den 17. september 2012 overleverer juristen Hans Petter Graver framlegg til nye grunnlovstekstar til presidentskapet i Stortinget. 

Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget legg 29. april 2014 fram Innst. 177 S (2013–2014) om «språklig fornyelse av Grunnloven», «om en nynorsk versjon av Grunnloven» og «om vedtak av Grunnloven på tidsmessig bokmål og nynorsk». I innstillinga er det ikkje to tredels fleirtal for nokon av forslaga. Ei veke seinare har mange endra meining.

Den 6. mai 2014 kl. 14.04 vedtek Stortinget Grunnlova på nynorsk med 168 røyster mot ei røyst. Ni minutt tidlegare har Stortinget med 165 røyster mot fire røyster vedteke Grunnlova på lett modernisert bokmål. Røystetala gjer den nynorske Grunnlova til lex superior, lova med høgast rang.

Les meir om Grunnlova.

Sist oppdatert: 22.02.2019