Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
5.11.1975 overleverer lektor Torkel Magnusdal og elevar frå Oddernes gymnas 25 000 underskrifter mot obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning til stortingspresident Guttorm Hansen. Aksjonen er sett i gang av Oslo-skolenes Riksmålsforening.
 
 

All verdas språk

 
5. november 1992 blir Europarådets Pakt for regions- eller minoritetsspråk signert i Strasbourg. Traktaten gjeld frå 1. mars 1998.
Grunnlaget for pakta blei forma gjennom mange år frå og med 1975. Den 7. oktober 1981 vedtek parlamentarikarforsamlinga i Europarådet rekommandasjon 928. Dette set i gang arbeidet med å lage Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Arbeidet med å forme traktaten tek til på eit møte i 1984 med 250 utsendingar som representerer over 40 språk.
Frå 1982 til 2010 er The European Bureau for Lesser Used Languages i drift i regi av EU. I det tidsrommet tek Europarådet gradvis over arbeidet for minoritets- og regionspråk i Europa.
Sist oppdatert: 19.11.2013