Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.11.1915 disputerer Knut Liestøl over den første doktoravhandlinga på landsmål, Norske trollvisor og norrøne sogor.

6.11.1990 held Arne Apelseth foredrag på Volda lærarskule. Der gjer han framlegg om å lage til ei nynorsk festspelveke på seinsommaren kvart år.

6.11.2007 vedtek Time kommunestyre samrøystes å løyse ut ein opsjon på éin etasje i eit nybygg på Bryne som skal hyse eit nasjonalt Garborg-senter. Planen er å opne senteret i 2011 (sjå 12.10.2004, 10.3.2008, 1.4.2008, 16.4.2008, 13.5.2009, 10.12.2009, 11.12.2009, 16.6.2010).

All verdas språk

6. november 1991 stiller den kurdiske politikaren Leyla Zana frå Partîya Karkerên Kurdîstan (PKK), Kurdisstane arbeidarparti, med eit hovudband i dei tradisjonelle kurdiske fargane gult, grønt og raudt då ho skal seie fram eiden i det tyrkiske parlamentet.

Zana er den første kurdiske medlemen av parlamentet. Eiden seier ho fram på tyrkisk, men den siste setninga seier ho på kurdisk: «Leve den tyrkisk-kurdiske brorskapen.» Med det bryt ho den lova som då gjeld om at morsmålet for tyrkiske statsborgarar er tyrkisk. Det er forbode å bruke eller gjere noko som tek sikte på å bruke noko anna morsmål enn tyrkisk. Partiet blir forbode, 2. mars 1994 mistar ho og seks kollegaer den parlamentariske immuniteten, og parlamentet helsar avgjerda med ståande ovasjonar.

I desember 1994 blir ho dømd til 15 års fengsel for landssvik, og i 1998 blir domen lengd med to år. Seinare held tyrkiske styresmakter fram med mange ulike tiltak mot henne.

Sist oppdatert: 22.02.2019