Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

7.11.1893 kjem første nummeret av ungdomsbladet Unge Skud med Lorentz Nybø som redaktør og utgivar. Frå 1895 er det meste av bladet på landsmål. Frå 1897 blir det organ for Noregs Ungdomslag, og i 1899 skiftar det namn til Unglyden. I 1916 blir bladet slått saman med Bodstikka (sjå 15.10.1913).
 
7.11.1933 vedtek riksprogramrådet for det nyskipa NRK i ei fråsegn at NRK bør følgje den regelen at ”begge målformer så langt råd er, kan bli representert i programmene”.
 
7.11.2002 tek Nynorsk kultursentrum over nettstaden Den elektroniske bokhylla og opnar samstundes Nettbiblioteket på www.aasentunet.no.
 
7.11.2005 lanserer Damm det nye tidsskriftet Kraftsentrum redigert av Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug. Minst 20 % av tekstane skal vere skrivne av menn og minst 30 % av tekstane skal vere på bokmål. Siste nummeret kjem i 2008.
 
 

All verdas språk

7. november 1665 gir Henry Muddiman ut det første nummeret av Oxford Gazette i Oxford.

Dit har kong Charles II og hoffet flykta for å kome unna den store pesten som herjar i London, og som tek livet av kvar femte innbyggjar i byen. Dette er den eldste avisa på engelsk som framleis kjem ut, no i form av eit offentleg kunngjeringsblad.

Den første avisa på engelsk var Corante, utgitt i 1621. Då pestfaren er over og kongen dreg attende til London, følgjer avisa etter. Under det nye namnet London Gazette kjem første nummeret ut 5. februar 1666.

Ordet gazette blir brukt om populære nyheitsblad, men alt i 1667 er newspaper registrert i bruk – skrive i to ord.

Den største avisa på engelsk i 2016 er USA Today med 4,1 millionar eksemplar, og nest størst er The Times of India. Avisa blei skipa i Bombay 3. november 1838, og opplaget er på 2,8 millionar eksemplar. Etter eit rekordhøgt opplag som i 1991 sneia innom 4,9 millionar, har laussalsavisa The Sun falle til 1,5 millionar. Den største kinesiske papiravisa er Cānkǎo Xiāoxī) med eit dagleg opplag på 3,1 millionar. Mot den japanske avisa Yomiuri Shimbun blir alle desse små, ruleg trykt i 9,1 millionar eksemplar. Stor er også Asahi Shimbun med 6,6 millionar eksemplar. Begge avisene er på japansk og dei to største i verda.

Sist oppdatert: 22.02.2019