Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kultursentrum

 

8.11.1902 melder Den 17de Mai at det er skipa eit kvinnemållag i Vefsn etter initiativ frå Dina Kulstad. Laget skal fremje målsaka i bygda ved å arbeide om lag som misjonsforeiningane, med opplesing og basar. Om lag 20 kvinner er med.
 
8.11.2001 stoppar regjeringa Bondevik planane for utvikling av ein nasjonal kunnskapsbase med statlege midlar. Planane føresette bruk av både nynorsk og bokmål (sjå 23.2.1999, 20.8.2001, 1.7.2002, 31.3.2005, 10.11.2005, 13.12.2005, 19.12.2006, 20.4.2007, 20.8.2008, 19.2.2009, 2.6.2010).
8.11.2012 lanserer importøren Excellars den økologisk produserte og franske vinen Nynorsk Raudvin, teksta på nynorsk. I mai 2013 lanserer den same importøren Nynorsk Kvitvin.

All verdas språk

 

8. november 1519 møter conquistadoren Hernán Cortez, utsending for kongen av Spania, og hans følgje av fleire hundre spanjolar for første gong kong Moctezuma like utanfor Tenochtitlán, hovudstaden for aztekarane. Spanjolane taler spansk, aztekarane talar nahuatl.
Med dette møtet tek ein prosess til som etter fleire blodige slag og massedrap av aztekarar fører til at spansk tek over for nahuatl som dominerande språk i Mexico. Dit kjem Cortez med hæren sin i 1521.
Truleg utgjer urfolka i Amerika mellom 100 og 150 millionar menneske på 1500-talet. Ved inngangen til 1900-talet har krigar, utrydding og epidemiar redusert folkemengda med meir enn 95 prosent. I Mexico blir apache-folket utsett for like brutal framferd som aztekarane blei. Den siste store fridomskjemparen for apache var Goyaałé, som overgir seg i 1886. Under det spanske namnet Geronimo blir han ein kultfigur i populærindustrien.
Geronimo. Foto Frank A. Rinhehart,  1898. Kjelde: Boston Public Library CC By 2 0
Geronimo. Foto Frank A. Rinhehart,  1898. Kjelde: Boston Public Library CC By 2 0
Styresmaktene innfører i 1992 ei ny grunnlov som slår fast at Mexico er «fleirkulturelt». Det er registrert 65 indianske språk i landet, og etter Ley de los Derechos Lingüísticos («lov om språklege rettar») av 2001 blir alle desse rekna som «nasjonalspråk». Det blir også spansk, men ingen språk er rekna som offisielle språk. Nær sju millionar talar eitt eller fleire urfolkspråk.
Mexico er det landet i verda som har flest spansktalande innbyggjarar – om lag 100 millionar. Mange av kvardagsorda i meksikansk spansk skriv seg frå urfolkspråk, særleg nahuatl.
Sist oppdatert: 25.08.2014