Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.11.1869 melder signaturen X. Lesebok i Landsmaalet av Olav Paulson i Bergens Tidende. Denne andre læreboka på nynorsk etter Hansteens i 1862 er utgitt av Ed. B. Giertsens Forlag i Bergen. 

9.11.1932 kjem første prøvenummeret av avisa Sogn ut på Leikanger med Ivar Tveit som redaktør. Siste nummeret kjem 17.4.1936. Avisa held fram som Sogn og Fjordane. 

9.11.1963 debuterer Anna Sandnes med barneboka Basta Bom på Det Norske Samlaget.

9.11.1967 debuterer Arthur Arntzen med prosaboka Han Oluf på Bjørn Røymerts Forlag. Boka er illustrert av Dagfinn Bakke. Første opplaget er utselt på lanseringsdagen. 

9.11.2007 publiserer Nynorsk kultursentrum i digital form og fullformat, og med latinske bokstavar, dei tre første årgangane av avisa Fedraheimen (1877–91). Prosjektet blir utført i samarbeid med Norsk Ordbok 2014 og held fram.

Her kan du lese Fedraheimen digitalt hos Nasjonalbiblioteket.

9.11.2009 gir Universal Music Group ut CD-plata Strålande jul, med 12 julesongar framførte av Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø. Før året er omme, er plata seld i nærmare 400 000 eksemplar, og 70 000 menneske har vore på konsertar i Noreg eller Sverige med dei to artistane.

9.11.2012 blir Nynorsk forum for Sogn og Fjordane konstituert på Skei i Jølster av representantar for næringsliv, forvaltning, utdannings- og kulturinstitusjonar, og frivillige organisasjonar. Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativet.

All verdas språk

9. november 2005 publiserer New York Times ein reportasje der arkeologen Ron E. Tappy fortel at laget hans av arkeologar 15. juli same året har funne ei innskrift på ein stein sør for Tel Aviv i Israel.

Innskrifta på den 19 kilo tunge steinen er to linjer av eit alfabet. Funnet ser ut til å stadfeste det biletet Bibelen gir av kongedømet til David og Salomon kring 1000 f.Kr., at Tel Zayit kan ha vore ein viktig grenseby for det kongedømet som hadde Jerusalem som sete, og gir sikrare kunnskap om skriftkunna i dette området. Tel Zayit blei øydelagd både på 1200-talet og 900-talet f.Kr. Frå 1600-talet ligg den arabiske byen Zayta her. Det britiske mandatet flyttar like godt byen halvannan kilometer nordover, men i 1948 blir byen avfolka.

Tappy finn steinen på den siste dagen av ei fem dagar lang utgraving i Tel Zayit.

Sist oppdatert: 17.08.2020