Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

1.10.1898 kjem første nummeret av Laurdagskvelden ut i Oslo med Rasmus Steinsvik som redaktør. Avisa er eit sjølvstendig vedlegg til Den 17de Mai. Siste nummeret kjem 29.6.1901. 

1.10.1898 kjem første nummeret av Heimhug ut i Ålesund med Ivar Flem som redaktør. Siste nummeret kjem 23.10.1901. 

1.10.1926 fastset regjeringa i kongeleg resolusjon at Nynorsk Salmebok skal få eit tillegg på 200 bokmålssalmar frå Landstads salmebok etter sterke reaksjonar på godkjenninga året før frå landsmøtet i presteforeininga (sjå 20.10.1925). Samstundes fastset regjeringa at Blix-salmane kan brukast i kyrkjene over heile landet.

1. 10 1953 vert forfattar og direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, fødd i Øyer.


Ottar Grepstad. Foto: Lars O Flydal

Ottar Grepstad. Foto: Lars O Flydal. Med løyve frå Ivar Aasen-tunet.

1.10.1987 går Vestlandsbanken inn i den nye Fokus Bank. Vedtaket om å gå inn i den nye banken blir gjort av rådet i Vestlandsbanken 18.3.

1.10.2000 blir Stephen J. Walton tilsett som professor og instituttleiar ved Ivar Aasen-instituttet i Volda.


All verdas språk

1. oktober 1936 blir baskisk vedteke som offisielt språk i Baskarland, under den spanske borgarkrigen.

Den 21. september 1919 blir Akademiet for baskisk språk etablert i byen San Sebastian (Donostia) i Spania etter initiativ frå provinsråda i Baskarland og Navarra. Dette er ein parallell til Real Academía Española, godkjent av kong Filip V 3. oktober 1714, og som har vore viktig i arbeidet med å gi ut ordbøker og grammatikkar for spansk. Dette akademiet gir ut si første ordbok i 1730 og den første grammatikken i 1771. Akademiet for baskisk språk møtest første gongen 7. oktober 1919 i San Sebastian og tek namnet Euskaltzaindia.

Baskisk er det einaste historiske språket i Europa som ikkje skriv seg frå dei indoeuropeiske eller finsk-ugriske språka, og ingen sikker slektskap med andre språk er påvist. Dette tyder på at baskisk er eit av dei eldste språka i Europa, om ikkje det eldste.

Kulturorganisasjonen Eusko Ikaskuntza markerer i 1949 for første gong 3. desember som den internasjonale dagen for det baskiske språket. Markeringa blir offisiell i 1995 og er frå då av årleg. 

Museet for baskisk språk, Euskeraren Etxea, blei opna i Bilbao i 2004.


Sist oppdatert: 01.10.2018