Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

10.10.1863 blir redaktør Jens Kvále fødd i Sogndal.

10.10.1908 blir redaktør Jon Fatnes fødd i Hjelmeland.

10.10.1912 blir stortingsrepresentant John Austrheim (Sp) fødd i Gloppen.

10.10.1912 blir spelemann og folkedansar Aslak Høgetveit  fødd i Vinje i Telemark.

10.10.1928 blir journalist Sverre Barstad fødd i Ørsta.

10.10.1947 blir songaren og musikaren Johannes Kleppevik fødd.


All verdas språk

10. oktober 1972 blir informasjon om ein ny skriftspråkstandard for somali spreidd i flygeblad på ein fotballstadion i Mogadishu.

Somali er i uminnelege tider blitt skrive med det arabiske alfabetet. Skiftande regime og ein språkkomité som blei oppretta i 1962, har prøvt å finne fram til ei løysing dei meiner er betre. Etter kvart ligg det føre framlegg til 18 nye alfabet for somali. 11 er nylaga, fire byggjer på det arabiske og tre på det latinske. Eit militærregime under leiing av general Mohamed Siad Barre tek over makta i 1969. Innan eit år skjer regimet gjennom og sluttar seg til det framlegget som er laga av den somaliske språkforskaren Shire Jama Ahmed, og som byggjer på det latinske alfabetet.

Å gå bort frå det arabiske alfabetet er for mange eit brot med det muslimske, men Ahmed meiner det latinske alfabetet gjer det lettare å lære å lese og skrive.

Med Kina som leiestjerne stengjer regimet i 1974 mange skular. 25 000 elevar i alderen 14–16 år og nokre tusen militære blir spreidde utover landet for å alfabetisere nomadiske stammar og lære dei det nye skriftspråket. Alt i 1978 skal over halvparten av alle somaliarar ha lært å lese og skrive.

Avisa Haatuf på somalisk. Foto: G.A. Hussein, flickr.com CC BY 2.0

Avisa Haatuf på somali. Foto: G.A. Hussein, Flickr.com CC BY 2.0.

Sist oppdatert: 10.10.2019