Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

11.10.1941 held Noregs Mållag siste styremøtet sitt under den tyske okkupasjonen.

11.10.1965 blir Ivar Aasen-sambandet skipa i Bergen med Per Thorson som første formann.


All verdas språk

11. oktober 1030 kan vere tidfestinga av ein tidleg tekst på javanesisk. Denne såkalla Jayabupati-innskrifta er på 40 linjer, fordelt på fire steinar som blei funne i Cibadak vest på øya Java.

Teksten er ein dokumentasjon av det gamle Sunda-kongedømet på vest-Java frå 669 til om lag 1593. Frå 1500-talet tok portugisarar og nederlendarar over økonomi og makt. Skrifta er forma i kawi-alfabetet, som i si tid blei utvikla av det eldre pallava-alfabetet.

Det eldste kjende dokumentet på javanesisk er ei innskrift som kan tidfestast til 25. mars 804. Innskrifta er ein kopi av ein tekst som er 120 år eldre og handlar om konstruksjonen av ein dam for eit vatningsanlegg. Denne teksten er forma i pallava-skrifta; alle seinare tekstar på javanesisk er skrivne med det javanesiske alfabetet, i nyare tid ofte med latinske bokstavar.

Javanesisk er i dag eit stort språk i verda, og dei fleste som talar javanesisk, bruker også bahasa indonesia.

Sist oppdatert: 10.10.2017