Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


12.10.1889 skriv Den 17de Mai at no er heile Det nye Testamente på landsmål trykt, i utgåver av enkeltdelar. Elias Blix, Johannes Belsheim og Matias Skard har stått for omsetjinga, med hjelp frå Ivar Aasen (sjå 17.6.1881 og 12.12.1888). Då omsetjinga er ferdig, skal Ivar Aasen ha sagt til Elias Blix: ”Hadde me fenge ei slik umsetjing paa reformasjonstidi, so hadde mangt vore annleis i Norig no, og serleg vilde det set annleis ut ved mang ei daudsseng.” I samla utgåva ligg boka føre i 1890 (sjå 12.2.1890).
 
Les meir om bibelomsetjing.
 
12.–13.10.1985 blir hundreårsjubileet for jamstellingsvedtaket i 1885 feira med bl.a. festhøgtid i Det Norske Teatret, Oslo.
 
12.10.2010 lyser Nynorsk kultursentrum for første gong ut midlar frå Vinjefondet. Det kjem inn åtte søknader, og i desember blir det løyvd 775 000 kr til tre prosjekt (sjå 9.6.2009, 15.12.2009).

All verdas språk

12. oktober 1948 erklærer Sovjetunionen at Kim Il-Sungs regime er det einaste lovlege regimet på den koreanske halvøya. Etter at Japan kapitulerte i 1945, delte stormaktene halvøya ved den 38. breiddegraden.

Kim Il-Sung har vore i eksil i Kina og Sovjetunionen i 26 år og kjem attende til Korea 22. august 1945. Der får han den støtta han treng frå Sovjetunionen. I 1948 blir Sør-Korea erklært som sjølvstendig nasjon, og Nord-Korea følgjer etter 9. september.

Den 25. januar 1950 invaderer nordkoreanske styrkar Sør-Korea. Koreakrigen endar i våpenkvile 27. juli 1953, men Sør-Korea skriv aldri under den avtalen. Frå no av er dei to landa skarpt delte.

I begge landa er koreansk offisielt språk, og begge landa bruker det koreanske alfabetet hangul. Dette blei laga på oppdrag frå kong Sejong og presentert 9. oktober 1446, men først innført på 1900-talet. I 1896 blir den første avisa trykt med dette alfabetet, som blir undertrykt under den japanske okkupasjonen 1910–42. Den kinesiske språkforskaren Ju Si-gyeong gir alfabetet namnet hangul i 1912.

Den absolutte nasjonsgrensa fører til ulike ordtilfang. I Sør-Korea blir mellom anna ein del engelske ord tekne inn i språket, medan Nord-Korea held meir på opphavlege koreanske ord.

Delinga strekkjer seg inn i alfabetet: Sør-Korea feirar 9. oktober som hanguldagen, medan Nord-Korea gjer det same 15. januar  under namnet Chosun-gul-dagen til minne om den dagen i 1443 då alfabetet truleg var ferdiglaga.

Den nordkoreanske avisa Rodong Shinmu, frå 2008. Foto: InSapphoWeTrust, flickr.com CC BY 2 0.

Den nordkoreanske avisa Rodong Sinmun, som er det offisielle organet til det nordkoreanske partiet Koreas arbeiderparti, partiet til leiaren Kim Jong-un. Avis frå 2.11.2008. Foto: InSapphoWeTrust, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Sist oppdatert: 06.06.2017