Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

13.10.1913 møter nærmare hundre riksmålsungdomar opp i Det Norske Teatret og lagar pipekonsert. Politimeisteren les opprørslova mot dei, og politiet kastar dei så ut etter eit basketak. I ei hovudstadsavis skriv ein innsendar dagen etter: «Det var livlig i bondehuset igaarkveld. I den avdeling av anstalten, som med mer end almindelig fræk anmasselse kaldes for ’Det norske teatret’. En teaterabort, et ufuldbaaret foster av stupide bonde ’kultur’ som velter sig ind paa folk med alt sit habengutt – sin stenalderdannelse og sine tomme, rosemalte hjernekister.» (Les meir: Teaterslaget).

13.10.1948 blir Norsk Bygdekino A/S skipa, med Noregs Ungdomslag som ein av skiparane.

13.10.1952 går Sogningen i Balestrand formelt over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1897. Frå 1957 kjem avisa ut på Leikanger, og frå no av er dette ei rein nynorskavis. Sogningen blir i 1960 slått saman med Sogns Avis og går inn i 1993.

13.10.1998 legg Einar Schibevaag fram forprosjekt for Garborg-året 2001 etter eit initiativ frå Time, Asker, Oslo og Tynset kommune to år tidlegare (sjå 25.2.2001).

All verdas språk

13. oktober 1913 møter nærmare hundre riksmålsungdomar opp i Det Norske Teatret og lagar pipekonsert. Teatret spela første framsyninga si i Kristiansand 2. januar same året, og no er det ei veke sidan premieren i hovudstaden.

Politimeisteren les opprørslova mot demonstrantane, og politiet kastar dei så ut etter eit basketak. I hovudstadsavisa Extraavisen skriv ein innsendar dagen etter: «Det var livlig i bondehuset igaarkveld. I den avdeling av anstalten, som med mer end almindelig fræk anmasselse kaldes for ’Det norske teatret’. En teaterabort, et ufuldbaaret foster av den stupide bonde’kultur’ som velter sig ind paa folk med alt sit habengut – sin stenalderdannelse og sine tomme, rosemalte hjernekister.»

Gatekampane og slagsmåla varer ei veke. Ein av kveldane skal så mange som 20 000 ha vore ute i gatene. På premierefesten 6. oktober seier drivkrafta for teatret, Hulda Garborg: «Me hev reist eit norsk teater midt i Kristiania, og kom fraa det med livet.»

Tiår seinare er det på ny livleg i bondehuset. Den 2. mars 1948 er det premiere for Peer Gynt, gjendikta til nynorsk av Henrik Rytter og med nyskriven musikk av Harald Sæverud. Også på denne premieren er kongehuset til stades, representert ved kronprins Olav. Under framsyninga tre dagar seinare aksjonerer riksmålsungdom med pipekonsert. Dei er berre 30–40 i talet og blir til slutt kasta ut. Ein av dei som er med og ryddar salen, er 26 år gamle Reidar Djupedal. Han blir ein av dei fremste norske kulturhistorikarane og Ivar Aasen-forskarane på 1900-talet.

Den 1. februar 2005 set Det Norske Teatret på ny opp Peer Gynt, denne gongen gjendikta av Jon Fosse med regi av Robert Wilson. Alle reiser seg, ikkje for å pipe, men for å klappe.

Les meir om Teaterslaget.

Sist oppdatert: 13.10.2016