Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

14.10.1865 kjem første nummeret av Ferdamannen med Henrik Krohn som redaktør og utgivar. Siste nummer kjem 4.1.1868.
 
14.10.2005 har folkemusikkoperaen Tryllefløyten premiere i Den Norske Opera, i regi av Rikskonsertane i samarbeid med Riksteatern og Västanå Teater. Stein Versto har omsett librettoen til nynorsk, den svenske gruppa Harv har arrangert musikken, og Leif Stinnerbom er regissør. I hovudrollene spelar blant andre Øyonn Groven Myhren, Odd Nordstoga, Aasmund Nordstoga og Berit Opheim. Stykket blir spelt på om lag 40 scener i Noreg og Sverige.
 
 
14.10.2008 melder den prislønte iskremprodusenten Iskremgården på Vigrestad på Jæren at dei vil gå over til nynorsk og endre namnet til Iskremgarden.
 
14.10.2011 sender NRK Super første episode av serien Vaffelhjarte etter debutromanen med same tittel av Maria Parr frå 2005. Sjuande og siste episode blir send 18.11.

All verdas språk

14. oktober 1948 sender tysk radio det første radioprogrammet på sorbisk. Dette er ei fellesnemning for dei to språka oversorbisk og nedersorbisk.

Den 7. juni 1066 blir den sorbiske fyrst Gottschalk myrda i den tyske byen Lenzen. Han hjelpte lokale prestar med omsetjing og blir i den romersk-katolske kyrkja vernaren av språk, språkforskarar og omsetjing. I dag blir språka mest brukte i dei to delstatane Sachsen og Brandenburg søraust i Tyskland, av til saman om lag 30 000 menneske.

Sorbisk blir også kalla vendisk, og i 1574 gav teologen og forfattaren Albin Moller ut den første boka på nedersorbisk dialekt. Wendisches Gesangbuch (Vendisk songbok) inneheld 120 songar og salmar, omsette frå tysk. Etter ein hardhendt språkpolitikk frå høgmellomalderen og mange lokale forbod mot å bruke sorbisk var det likevel enno over 300 000 menneske som brukte sorbisk på 1600-talet.
Undertrykkinga heldt fram på 1800- og 1900-talet. Styresmaktene i Prøyssen førte ein streng Eindeutschungspolitik, fortyskingspolitikk, Weimar-republikken 1919–33 heldt seg med ei eiga Wendenabteilung for å motarbeide sorbisk språk og kultur, og Hitler-regimet styrkte denne politikken. Først etter 1945 får sorbarane grunnlovfesta rett til å bruke språket sitt, i DDR og seinare i Tyskland. Styresmaktene i DDR går likevel bort frå dette då tysk blir einerådande i mykje av undervisninga frå 2. oktober 1962.

Med tida blir det også utvikla eit felles oversorbisk skriftspråk. Frå 23. januar 1998 har nedersorbisk og oversorbisk status som to ulike minoritetsspråk i Tyskland.
Sist oppdatert: 14.03.2014