Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

15.10.1899 blir Bondeungdomslaget i Oslo som det første bondeungdomslaget skipa av kring 150 frammøtte med Klaus Sletten som første formannen. Tiltaket er ei direkte følgje av marknadssuksessen året før (sjå 1.9.1898).

15.10.1913 kjem første nummer av Bodstikka, meldingsblad for Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag med Edvard Os som redaktør. Bladet endrar namn til Norsk Ungdom i 1916 og kjem under skiftande namn til 1997.

15.10.1921 opnar Oslo Nye Sparebank med O. Haraldseth som første formann. Banken går inn i Vestlandsbanken kring 1975.

15.10.1992 legg kyrkje- og undervisningskomiteen i Stortinget fram Innst. S. nr. 17 (1992–93) om den nyaste mållovsmeldinga. Saksordførar er Leiv Blakset (SP), og fleirtalet av SV, Ap, SP og KrF går inn for at ”det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både nynorsk- og bokmålsversjon”.


All verdas språk

15. oktober 2005 røystar 78,6 prosent ja og 21,4 prosent nei til ei ny grunnlov for Irak. I alt deltek 9,9 millionar menneske i denne folkerøystinga.

Framlegget til ny grunnlov er blitt utforma mellom desember 2003 og mars 2004 av den mellombelse regjeringa etter Irak-krigen. I fleire av dei kurdiske sjølvstyreregionane røystar heile 99 prosent ja. Lova vil gjere Irak til eit formelt fleirspråkleg land, men enno i 2012 er det strid om lova. Grunnlova gjer både arabisk og kurdisk til offisielle språk. Born får rett til opplæring på minoritetsspråk som turkmensk eller assyrisk viss foreldra ønskjer det, og desse to språka blir offisielle språk i dei områda der dei dominerer. Ved folkerøysting kan andre språk få same status regionalt.

Før dette har arabisk lenge vore det einaste offisielle språket i Irak. Den 11. mars 1974 varsla rett nok styresmaktene ei lov om sjølvstyre for Kurdistan som ville gjere kurdisk til offisielt språk i undervisninga av kurdarar. Dette var ein del av ein avtale frå mars 1970 mellom visepresident Saddam Hussein og den kurdiske leiaren Mustafah Barzani som etter planen skulle innførast over fire år. I staden blir det meir krig mellom det irakiske regimet og kurdarane.

Om lag 20 prosent av innbyggjarane i Irak taler kurdisk.

Sist oppdatert: 20.10.2015