Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
16.10.1996 publiserer Magasinett dei første tekstane i det nye nettidsskriftet for elevar og lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Utgivar er i førstninga Noregs Mållag, og fram til årsskiftet 1997/98 er Vidar Høviskeland og Gerhard Stoltz redaktørar.
 

All verdas språk

16. oktober 1975 vedtek Europarådet Galway-erklæringa i Galway, Irland. Erklæringa blir grunnlaget for vidare arbeid med region- og minoritetsspråk. I erklæringa oppmodar Europarådet medlemslanda om å gjere det som trengst for å verne og restaurere truga språk og kulturar i perifere etniske miljø.


Dette markerer ei internasjonal språkpolitisk endring som i Europa tok til i april 1949. Då fekk den bretonske politikaren og juristen Joseph Martray i stand ein første konferanse i Paris om europeiske minoritetar. Målet var ein føderal union av europeiske minoritetar og regionar. To nye konferansar i Versailles november 1949 og København juni 1951 enda i ein resolusjon som slo fast at «the free rights of the European minorities include freedom of national opinion, the rights of parents, freedom of speech and of self-determination”. Eit handfast resultat var Informasjonskontoret for europeiske minoritetar i 1950-åra.

Frå 1982 til 2010 var The European Bureau for Lesser Used Languages i drift i regi av EU. I det tidsrommet tek Europarådet gradvis over arbeidet for minoritets- og regionspråk i Europa. Med Bordeaux-erklæringa 1. februar 1978 forsterkar Europarådet oppmodinga frå 1975, og i ei tilråding 7. oktober 1981 framhevar parlamentarikarforsamlinga i Europarådet handfaste tiltak. Arbeidet munnar 5. november 1992 ut i Europarådets Pakt om regions- eller minoritetsspråk.
Sist oppdatert: 14.03.2014