Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

17.10.1890 vedtek skulestyret i Hosanger i Hordaland at landsmål skal vere opplæringsspråk i skulen, to år før dette er lovfesta (sjå 27.5.1892). Same året vedtek skulestyret i Bygland i Vest-Agder det same.

17.10.2013 blir regjeringa Solberg utnemnd med statsrådar frå Høgre og Fremskrittspartiet. I den politiske plattforma som blei lagd fram 7.10., heiter det at «den beste strategi for et sterkt og levende norsk språk er den daglige, frivillige bruken av språket». Regjeringa vil «støtte opp under begge målformene som hovedmål» og «erstatte dagens rett til å få svar på egen målform med en rett for ansatte i staten og språknøytrale kommuner til å bruke sin egen målform».

17.10.2017 kjem første digitale utgåve av Framtidajunior.no med Espen Udland som ansvarleg redaktør. Bak den nye nynorskavisa står Landssamanslutninga av nynorskkommunar og ABC Startsiden i samarbeid med ABC Startsiden, Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland. Avisa er blitt til med støtte frå Sparebanken Vest, Utdanningsdirektoratet og Kulturdepartementet.

All verdas språk

17. oktober 1934 skriv New Games Committee i leikeprodusenten The Parker Brothers brev til den amerikanske arkitekten Alfred Mosher Butts i 79th Street in Jackson Heights i New York.

Komiteen har “carefully considered the game which you so kindly sent in to us for examination”. Det spelet har Butts arbeidd med sidan 1931, og han har kalla det Lexiko. “While the game no doubt contains considerable merit, we do not feel that it is adaptable to our line.” Butts har studert framsidene på New York Times for å finne ut kor ofte kvar bokstav blir brukt. Saman med familie og vener har han søndag etter søndag prøvt ut spelet. Han prøver seg med ulike namn, som Alph, It og Criss-Cross Words. Spelprodusentane takkar gong på gong nei, og i 1948 sel Butts rettane til James Brunot.

Foto: Terry Freedman, flickr.com CC BY 2. 0

Scrabble. Foto: Terry Freedman, Flickr.com CC BY 2.0.

Den 16. desember 1948 får Brunot patent på brettspelet som han no har gitt namnet Scrabble. Spelet inneheld 100 brikker. Etter ein treg start sel han mot slutten av 1952 6000 spel i veka. Scrabble er no laga i 29 språkversjonar, og det skal vere selt i 150 millionar eksemplar.

Eit digitalt alternativ blir utvikla av Håkon Bertheussen og lansert i 2010 under namnet Wordfeud. Det kan spelast på ulike plattformer og inneheld 104 brikker. Wordfeud kjem på nynorsk i august 2012 og ligg i 2018 føre på 11 språk.

Sist oppdatert: 22.02.2019