Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie



18.10.1847 blir forfattar og kritikar Bolette Christine Pavels Larsen fødd i Sogndal.
 
18.10.1963 blir komponisten og songaren Sigvart Dagsland fødd i Stavanger.
 
 

All verdas språk

18. oktober 1922 blir British Broadcasting Company skipa i London. Dette er det første nasjonale kringkastingsselskapet i verda, og det private selskapet opnar radiosending 14. november same året. Den 31. desember 1926 blir selskapet avvikla og overført til det ikkje-kommersielle, nye selskapet British Broadcasting Corporation (BBC).
Opptak hjå BBC. Foto: BBC World Service, CC BY 2.0
Opptak hjå BBC. Foto: BBC World Service, CC BY 2.0

BBC blir ein viktig aktør i utbreiinga av engelsk språk og kultur. Den 2. august 1932 går dei første prøvesendingane for fjernsyn på lufta. Same året opnar BBC Empire Service radiosendingar på kortbølgje til engelskspråklege verda over. Med åra blir dette supplert med sendingar på fleire språk – dei to første er arabisk frå 3. januar 1938 og tysk frå 29. mars 1939.
BBC har i dag om lag 23 000 tilsette, sender program på 27 språk og er det største kringkastingsselskapet i verda.
Sist oppdatert: 14.03.2014