Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


19.10.2011 lanserer Bibelselskapet Bibelen i ny omsetjing på nynorsk og bokmål ved ein seremoni i Oslo domkirke. Førsteopplaget er på 100 000 eksemplar i alt (sjå 10.7.1921, 15.4.1930, 31.12.1935, 18.8.1938, 26.10.2011 og 16.2.2015).

Les meir om bibelomsetjing.

19.10.2013 avsluttar Noregs Mållag Nynorskstafetten med festkveld i Bygland. Stafetten har vore hovudsatsinga deira i Språkåret 2013 og blei opna i Ørsta 28.1.

All verdas språk

19. oktober 2006 vedtek Sveits ei språklov som fastset at kantonen Graubünden / Grischun / Grigione skal vere trespråkleg med språka tysk, retoromansk og italiensk.

Dette er ei formalisering av ein politikk som skriv seg frå 1930-åra. Den 20. februar 1938 røystar 91,6 prosent i ei føderal røysting i Sveits for at retoromansk skal bli det fjerde nasjonalspråket i Sveits, i tillegg til tysk, fransk og italiensk. Mange røystar i protest mot fascismen som vinn fram i samtida.

Retoromansk har vore i bruk like sidan romarane erobra området i 15 f.Kr. Truleg var språket mest utbreidd på 400-talet. I 1464 brenn store delar av hovudstaden Chur i Graubünden. Tyskspråklege arbeidarar byggjer opp att byen, og det fører etter kvart til at tysk blir jamt meir brukt i området. 

Chur. Foto: Manfred Morgner, flickr.com CC BY 2.0
Foto frå byen Chur, hovudstaden i delstaten Graubünden i Sveits. Foto: Manfred Morgner, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Dei eldste kjende tekstane på retoromansk er nokre linjer frå om lag 1000 og preikesamlinga Codex de Nossadunnaun frå om lag 1200. Juristen Jachiam Bifrun omsette katekisma Fuorma i 1552 og Det nye testamentet i 1560, begge til dialekten oberengandinsk. Seinare kom fleire religiøse skrifter, og språket får først på 1800-talet ei meir omfattande skriftfesting også med verdsleg litteratur. Særleg gjer politikaren Caspar Decurtins eit stort arbeid med å samle eldre tekstar i Rätorumanische Chrestomatie i 13 delar frå 1896 til 1919. Han er også med og skipar språkorganisasjonen Romania.  

Retoromansk har fem dialektar, og etter folkerøystinga i 1938 blir desse gjerne også brukte som skriftspråk. I 1982 blir dei regionale formene for retoromansk sameinte i Rumantsch Grischun, på norsk graubündenromansk etter namnet på kantonen. Den sveitsiske språkforskaren Heinrich Schmid har løyst oppgåva på seks månader. Graubündenromansk blir offisielt skriftspråk, men løysinga er omstridd. I august 2003 vedtek kantonparlamentet at alle læremiddel for retoromanske primærskular etter kvart skal gå over til det nye skriftspråket, som også blir offisielt skulespråk i Val Müstair, Müstairdalen.

Sist oppdatert: 29.07.2019