Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

2.10.1849 blir nemninga «landsmål» brukt for første gong, i eit brev til Olaus Vullum frå Ivar Aasen. Ordet blir i 1929 erstatta med «nynorsk» (sjå 1.2.1929).

2.10.1936 gir Jon Fatnes ut første nummer av Hallingdølen på Ål i Hallingdal.

2.10.2013 vert Ørsta kåra til Årets nynorskkommune.

All verdas språk

2. oktober 1925 overfører den skotske oppfinnaren John Logie Baird dei første fjernsynsbileta i laboratoriet sitt i 22 Frith Street i London. Han bruker den 20 år gamle kontormedarbeidaren William Edward Taynton i etasjen under som motiv, og gråtonebileta av 20-åringen er dei første fjernsynsbileta av ein levande person.

Ut frå sin eigen idé om seeing by telephone har Baird då i fleire år gjort forsøk som viser at dette er mogleg. Baird kontaktar Daily Express for at dei skal skrive om oppfinninga hans. Nyheitsredaktøren blir redd og skal ha sagt: «For God’s sake, go down to the reception and get rid of a lunatic who’s down there. He says he’s got a machine for seeing by wireless! Watch him — he may have a razor on him.»

Den 26. januar 1926 demonstrerer Baird oppfinninga for medlemer av vitskapsinstitusjonen

Royal Institution of Great Britain, og 3. juli 1928 demonstrerer han fjernsynsoverføring av bilete i fargar. I fleire land utviklar oppfinnarar liknande løysingar i desse åra.

Gjennom selskapet Baird Television Development Company Ltd. gjennomfører Baird 8. februar 1928 den første transatlantiske fjernsynssendinga. Nokre veker før, 13. januar 1928, er det første fjernsynsselskapet i verda, W2XB, skipa i New York. I 1928 prøver BBC for første gong den nye teknologien, sjølv om den nytilsette kringkastingssjefen John Reith meiner at televisjon ikkje har noka framtid. I 1929 følgjer Télévision-Baird-Natan etter i Frankrike.

Frå 22. august 1932 sender BBC fjernsynsprogram med lyd, og fjernsynet blir med tida det viktigaste og mest verknadsfulle snakkemediet.

Sist oppdatert: 01.10.2018