Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

20.10.1893 går Søndmøringen over til å bli redigert på landsmål etter å ha kome ut på dansknorsk sidan 1892. Avisa går inn i 1896.
 
20.10.1925 vedtek Norges Presteforening at Nynorsk Salmebok berre bør godkjennast som tillegg til ei anna salmebok (sjå 3.2.1925).
 
20.10.1928 blir Norsk Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet) skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo, med Lars Eskeland som første formannen (sjå 8.2.1922).
 
20.10.1936 blir det første møtet i Norsk Målførearkiv halde ved Universitetet i Oslo. Sigurd Kolsrud hadde alt i 1914 nemnt tanken om å få skipa eit slikt arkiv, no er dei første midlane løyvde, og han sit i det første styret saman med Magnus Olsen og Didrik Arup Seip. I første omgang disponerer arkivet rom i Akersgt. 42.
 
20.10.2008 blir kontorprogrampakken OpenOffice.org 3 lansert på bokmål og nynorsk for både Windows og Linux.
 
20.10.2009 opnar Håvard B. Øvregård nettleksikonet Allkunne. Opninga blir markert med tilstellingar på Bryne og Ål, og i Oslo, Førde og Ørsta. Dagleg leiar er Eirik Helleve, og hovudredaktør er Ottar Grepstad. I redaksjonen sit Aina Basso, Kjerstin Gjengedal, Kirsti Langstøyl, Vibeke Lauritsen og Sverre Tusvik. Ved opninga inneheld nettleksikonet 842 artiklar på til saman 1,2 millionar teikn. 55 forfattarar har levert artiklar eller har artiklar i arbeid (sjå 20.8.2008).
 
 

All verdas språk

 

20. oktober 1928 blir Norsk Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet) skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo, med Lars Eskeland som første formannen.

I praksis blir dette eit organ for dei som vil fremje høgnorsk eller klassisk nynorsk med i-mål. Vestmannalaget blei skipa i Bergen 21. januar 1868 og var frå første stund eit viktig miljø for dei høgnorske. Innanfor Noregs Mållag aukar spenninga mellom rettskrivingsfløyane utover på 1900-talet, og talsfolka for det høgbnorske kjem særleg frå Vestlandet. Den 11. oktober 1965 skipar dei Ivar Aasen-sambandet i Bergen, og på landsmøtet i Noregs Mållag 30. juli 1970 bryt høgnorsktilhengjarane ut. I Aasen-sambandet er Vestmannalaget og Høgnorskringen i dag dei to viktigaste lokallaga. 

Høgnorsk har i seinare tiår vore meir brukt i dikting enn i sakprosa. Frå debutsamling med dikt i 1946 til posthum utgiving av dagbøker i seks band i 2000 er Olav H. Hauge den siste profilerte høgnorskbrukaren. Denne forma for nynorsk fell utanfor den rettskrivinga for nynorsk som gjeld frå 1. august 2012.

Då det digitale brettspelet Wordfeud får sin nynorskversjon i august 2012, kjem likevel i-målsformer til nytte for mange, av di bokstaven i gir fleire poeng enn a.   
Sist oppdatert: 22.08.2014