Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


21.10.2005 avsluttar Noregs Mållag kampanjen ”Slepp nynorsken til” (sjå 15.4.2005) og overleverer 36 000 underskrifter til Dagbladet ved Gudleiv Forr.
 

All verdas språk

 
21. oktober 1993 vedtek det britiske parlamentet ei ny språklov for walisisk som jamstiller walisisk med engelsk i offentleg forvaltning i Wales. Lova kjem i staden for ei språklov av 1967.
Den 21. desember 1993 trekkjer parlamentet også tilbake Laws in Wales Acts frå 1535. Dei lovene var mellom anna blitt innførte for å fremje bruken av engelsk språk framfor walisisk. Det heitte at ”the people of the same dominion have and do daily use a speche nothing like ne consonant to the naturall mother tonge used within this Realme”. Berre engelsk skulle brukast i rettsvesenet, og dei som brukte walisisk, kunne ikkje tilsetjast i offentleg forvaltning.

Skilt med engelsk og walisisk tekst (brannstasjon). Kjelde: Joybot på flickr.com. CC BY-SA 2.0.
Skilt med engelsk og walisisk tekst («brannstasjon»). Kjelde: Joybot på flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Det engelske ordet welsh skriv seg frå angelsaksisk wiejalh, som tyder ‘framand’, medan walisarane sjølve kallar seg cymry, ‘landsmenn’. På 1900-talet blir det jamt færre som bruker eller forstår walisisk – 54 prosent i 1891, 29 prosent i 1951 og 19 prosent i 1991.
Verknaden av vedtaket i 1967 og mange seinare tiltak – som tv-stasjonen Sianel Pedwar Cymru – tek til å vise seg inn i det 21. hundreåret.
Sist oppdatert: 21.10.2019