Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

22.10.1916 kjem første nummeret av Norsk Barneblad som Andreas Haavoll har ansvaret for (sjå januar 1887). Haavoll har denne stillinga i 40 år, til Johannes Farestveit tek over i 1956.
 
22.10.1976 kjem første nummeret av Suldalsposten ut på Sand i Ryfylke med Sigmund Olsnes som redaktør.
 
22.10.2010 lanserer Kunnskapsforlaget i samarbeid med Nynorsk Pressekontor boka NPK-språket, som inneheld ein rettleiingsdel og ei ordliste med over 30 000 oppslagsord. Boka er ein nynorsk parallell til NTB-språket, som kom ut i 2007.

All verdas språk

Chester Floyd Carlson med den første xerografiske maskinen. Kjelde: Xerox Corporation (courtesy of Xerox Corporation). Nytta etter avtale.

Chester Floyd Carlson med den første xerografiske maskinen. Kjelde: Xerox Corporation (courtesy of Xerox Corporation). Nytta etter avtale.

22. oktober 1938 blir den første fotokopien laga i eit laboratorium i Astoria, New York.
På ei sinkplate dekt med svovel har den amerikanske fysikaren Chester Floyd Carlson skrive «10-22-38 Astoria» og avfotografert. Nokre veker før, 8. oktober 1938, har han meldt patent for oppfinninga, som blir kalla elektrofotografi.
Alt 8. august 1876 har Thomas Alva Edison fått patent for ein duplikator, og i 1923 har Wilhelm Ritzerfeld laga spritduplikatoren. Oppfinninga til Carlson gjer alt mykje enklare. Han har utvikla apparatet saman med den austerrikske ingeniøren Otto Kornei, som tok til å arbeide hos Carlson 6. oktober same året. I åra som følgjer, avviser IBM, General Electric og eit tjuetals andre selskap ideen om å lage kopimaskin.
I 1947 sel Carlson lisensen for apparatet til The Haloid Photographic Company. Dette selskapet var blitt skipa i 1906 og presenterer i 1949 den første kopimaskinen i verda, Model A. Teknikken blir også kalla xerografi, gresk for tørrskrift, og frå 1961 heiter selskapet Xerox.
På engelsk blir verbet xerox etter kvart synonym for copy.
Sist oppdatert: 22.10.2019