Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.10.1759 blir forleggjaren og redaktør Sivert Knutsson Aarflot fødd i Ørsta.

23.10.1857 blir folkehøgskulestyrar Adolf Maurits Steenbuch Arctander fødd i Hadsel.

23.10.1879 blir forfattaren Johan Austbø fødd i Lavik.

23.10.1943 blir forfattaren Magnhild Gravir fødd.

23.10.1945 blir statsråd Jon Lilletun fødd på Voss. Han er stortingsrepresentant (KrF) 1981–85 og 1989–2006.

23.10.1946 blir songaren Agnes Buen Garnås fødd på Kongsberg.

23.10.1958 blir statsråd Liv Signe Navarsete fødd i Sogndal. Ho er stortingsrepresentant (Sp) frå 2005, og leiar av Senterpartiet 2008–14 og statsråd 2005–13.

23.10.2012 vedtek landsmøtet i AUF å gå inn for eigen karakter i sidemål.

All verdas språk

23. oktober 1922 proklamerer Kemal Atatürk republikken Tyrkia. I åra 1928–32 gjennomfører han ein overgang frå det arabiske til det latinske alfabetet. Samstundes blir mange arabiske og persiske trekk i språket erstatta med tyrkiske ord og omsetjingslån. Dette er ein del av strategien hans for å forme Tyrkia som ein verdsleg og europeisk stat.

I 1936 innfører han som offisiell politikk og tema i skuleverket at alle språk i verda stammar frå tyrkisk. Kurdarane er då ikkje godtekne som nokon minoritet, og det tek lang tid før dei blir det.

Den 19. oktober 1983 innfører Tyrkia ei lov som slår fast at det er forbode å publisere tankegods på noko anna språk enn det språket som er anerkjent av den tyrkiske staten. I lova heiter det også at «morsmålet til tyrkiske borgarar er tyrkisk», og det er forbode å snakke andre språk.

Den 22. april same året er det innført ei lov som gjer det forbode å bruke anna enn tyrkisk i parlamentet og i valkampar. Dette er ei oppfølging av grunnlova frå 1982, der det heiter at berre tyrkisk kan brukast som opplæringsspråk i skulen. Alle desse paragrafane er særleg retta mot kurdisk, og dei formaliserer ein etablert praksis.

Frå 1991 blir det likevel lov å gi ut publikasjonar på kurdisk, og som ein del av tilpassinga for medlemskap i EU blir grunnlova endra 3. august 2002. Etter kvart kan dermed kurdisk brukast offentleg. Det kurdiske alfabetet er derimot ikkje godteke, kurdiske namn med bokstavane X, W og Q kan ikkje brukast av di desse ikkje finst i det tyrkiske alfabetet.

Sist oppdatert: 06.06.2017