Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

24.10.1949 kjem første nummeret av Jærbladet ut på Bryne med Jon Fatnes som redaktør.

24.10.2005 slår byrådsleiar Monica Mæland fast at Bergen kommune er språknøytral og at begge målformer skal kunne brukast administrativt: ”Dei byråkratar som ønskjer å nytte nynorsk skal få lov til det.” Bakgrunnen er ein interpellasjon frå varaordførar Kristian Helland.

All verdas språk

24. oktober 1982 vedtek parlamentet i Baskarland at baskisk skal vere offisielt språk i denne spanske provinsen i tillegg til spansk. Det same blei gjort i 1936, men Franco-regimet gjorde i 1940 baskisk til eit forbode språk på linje med katalansk.

Ein baskisk nasjonalisme tek form frå slutten av 1800-talet, særleg i mellomklassen i baskiske byar, som då blei industrialiserte. Ein av fleire utløysande faktorar er at den spanske sentralmakta styrkjer sitt grep om dei baskiske provinsane frå 1876. Det baskiske nasjonalistpartiet Partido Nacionalista Vasca (PNV) blir skipa 31. juli 1895 av Sabino Arana Goiri. Han set på trykk programerklæringa «Euskeldun Batzokija» i avisa Bizkaitarra 24. mai 1894. Både for han og for andre representerer euskera, som språket heiter på baskisk, det opphavlege ved baskisk kultur og historie.

Målet er å gjere euskera til offisielt språk i det som ein gong skal bli den sjølvstendige staten Euzkadi. Det namnet laga Arana som ei avleiing av euzko, som tyder både blod, familie, folk og rase. Arana teiknar også det baskiske flagget, som første gongen blir brukt 14. juli 1894.

Første påskedag 1932 organiserer PNV ein demonstrasjon med 65 000 deltakarar som endar ved huset der Arana budde til han døydde i 1903. Seinare har dette vore ein uoffisiell nasjonaldag, Aberri Eguna, for Baskarland.

Sist oppdatert: 23.10.2018