Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


25.10.1887 kjem første nummeret av avisa
Vestmannen ut i Volda, redigert av Rasmus Steinsvik og etter initiativ frå Synnøve Riste. Dette er den første lokalavisa på landsmål.

25.10.2006 er versjon 2.0 av nettlesaren Firefox tilgjengeleg på nynorsk og bokmål.

25.10.2016 publiserer Fredriksstad Blad nettutgåva på nynorsk. Fredrikstad Mållag har stått for omsetjinga (sjå 6.9.2013). 
 

All verdas språk

25. oktober 1945 er det slutt på det japanske herredømet over Taiwan. Som følgje av ein konferanse i Kairo i 1943 blir makta overført til general Chen Yi det kinesiske nasjonalistpartiet Kuomintang, det regjerande partiet i Republikken Kina.

Denne republikken var blitt etablert på det kinesiske fastlandet 1. januar 1912. Frå 1927 herjar ein borgarkrig Kina som i 1949 endar med at det kinesiske kommunistpartiet tek all makt. President Chang Kai-shek flyttar si forvaltning frå Nanjing til Taiwan og gjer dette til hovudsete for Republikken Kina.

Under det japanske styret frå 1896 har japansk vore det offisielle språket på Taiwan. Republikken Kina har mandarin som offisielt språk og innfører mange tiltak som svekkjer bruken av taiwansk og andre språk. Dei fleste innbyggjarane høyrer til folkegruppa hoklo, som gjerne bruker taiwansk, og i 1988 kjem hoklokinesarar til makta. Dei ønskjer eit meir sjølvstendig Taiwan og fremjar dette mellom anna gjennom ein språkpolitikk som endrar posisjonen for mandarin.

I 2007 fremjar styresmaktene eit lovframlegg som skal fremje alle språka på Taiwan, og på nasjonaldagen 10. oktober 2008 held president Ma Ying-jeou ein tale på taiwansk.  
Skiltkaos i Taipei, Taiwan. Foto: TheKozyShack, flickr.com CC BY 2.0
Skiltkaos i Taipei, Taiwan. Foto: TheKozyShack, flickr.com CC BY 2.0
 
 
Sist oppdatert: 23.10.2018