Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


26.10.1882 får Ivar Aasen det trykte eksemplaret av Romarbrevet frå Bibelen, omsett av Elias Blix (sjå 17.6.1881).
 
26.10.2007 set Norsk Målungdom i gang aksjonen ”Dude, where's my språk?” for å få minst ein kinofilm teksta på nynorsk.
 
26.10.2011 blir den nynorske Bibelen feira i Ivar Aasen-tunet og i Volda kyrkje gjennom eit samarbeid mellom Møre bispedømme, Bibelselskapet og Nynorsk kultursentrum (sjå 10.7.1921, 15.4.1930, 31.12.1935, 18.8.1938 og 19.10.2011).
 
Les meir om bibelomsetjing.
 

All verdas språk

26. oktober 1787 blir Vuk Stefanović Karadžić fødd i Tršić i Serbia.

Han samlar mykje tradert dikting på serbisk, reformerer det serbiske språket og fjernar det frå kyrkjeslavisk, samstundes som han etablerer det ganske nær sitt eige talemål frå austre Herzegovina. I 1814 gir han ut den serbiske grammatikken Pismenica srpskoga jezika i Wien og i 1818 den første serbiske ordboka, Srpski rječnik, også den i Wien. Frå 1814 gir han ut i alt ni store band tradisjonsviser.

I mange år gjennomfører han større reiser for å samle inn språk- og tradisjonsstoff, og særleg i åra 1834–1845 reiser han mykje, både i Serbia, Kroatria og Montenegro. I 1847 kjem omsetjinga hans av Det nye testamentet til serbisk ut, og ordboka kjem ut i ny og utvida utgåve fem år seinare med 47 000 oppslagsord, då i det han reknar som si endelege form for serbisk språk. Dette er omstridd, og det blir lagt ned forbod mot å spreie bøker med rettskrivinga hans.

Karadžić er blitt tillagd slagordet «Skriv som du snakkar og les som det står skrive», men dette blei første gongen formulert av den tyske språkforskaren Johann Christoph Adelung). Karadžić døyr 7. februar 1864.

Forbodet mot å bruke rettskrivinga hans blir moderert frå 1859, og fire år etter at han er død, innfører Serbia rettskrivinga hans i 1868. Kroatia følgjer først etter ved inngangen til 1900-talet. 

Eit museum som dokumenterer liv og verk til Karadžić, Museum of Vuk and Dositej (Muzej Vuka i Dositeja), blir opna i Beograd i Serbia i 1949.

Les om bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk.

Sist oppdatert: 06.06.2017