Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

27.10.1910 har Hulda Garborg og Det Norske Spellaget si første framsyning, Ei hugvending, på Venskaben i Asker, før dei legg ut på fleire spelferder. Dei veit kva dei går til; i hovudstadpressa hausta Voss Ungdomslag spitord då dei spelte teater i Oslo same sommaren (sjå 3.1.1891, 2.3.1897, 18.11.1898, 10.3.1899, 27.10.1910, 15.1.1911, 22.11.1912, 2.1.1913).

27.10.2005 legg ei strategigruppe oppnemnd av Språkrådet fram rapporten Norsk i hundre!

27.10.2015 får Jon Fosse Nordisk råds litteraturpris for trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, utgitt på Det Norske Samlaget 2007–2014. Statsminister Erna Solberg gratulerer vinnaren med si første Twitter-melding på nynorsk (sjå 15.2.1965 og 19.2.1978).

Skjermdup frå NRK frå då Jon Fosse mottok Nordisk råds litteraturpris for trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd i 2015.

Skjermdup frå NRK frå då Jon Fosse mottok Nordisk råds litteraturpris for trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd i 2015. 

All verdas språk

27. oktober 1955 har filmen Rebel without a cause (Rotløs ungdom) premiere i USA, mindre enn ein månad etter at hovudrolleinnehavaren James Dean mista livet i ei bilulykke. 

Video: Sjå filmtraileren for filmen Rebel without a cause (Rotløs ungdom) frå 1955:

Nokre månader før har filmen Blackboard Jungle (Vend dem ikke ryggen) hatt premiere 19. mars. Saman med Rock around the clock, som har premiere 21. mars 1956, innleier desse filmane ein ny generasjonskultur i den vestlege verda, rock’n roll. Med den følgjer også nær sagt eit nytt språk, eit ungdomsspråk. 

På ein annan måte enn før blir ungdom no ei ny sosial gruppe, med mange eigne kulturelle referansar og haldepunkt i populærkulturen og med klesformer som skil dei frå dei vaksne. Dette blir forsterka av dei store barnekulla som blir fødde i det første tiåret etter 1945, og som no veks opp og tek til å stille andre spørsmål enn dei vanlege. 

Den nye ungdomskulturen fører også med seg påverknad frå engelsk i norsk. Det gamle ordet stemne må stort sett vike plass for festival, som mot slutten av 1900-talet blir ein av dei viktigaste arenaene for unge. 

«Vi vill säga meir än förr, men med ett mindre antal ord», skriv den svenske forfattaren Harry Kullmann i «Brev til en vuxenförfattare»: «Och vi vill säga vad som helst – .» Då han skriv dette, er det berre tre år til 1967. Den 3. juli 1967 skjer den store endringa i svensk tale på 1900-talet. Den nye direktøren Bror Rexed i Medicinalstyrelsen bruker første arbeidsdagen sin til å kunngjere at han vil seie du til alle medarbeidarane og vere på fornamn med dei, og at han ønskjer dei skal gjere det same til han. Då Olof Palme blir statsminister 14. oktober 1969, gjer han som Rexed. På få år går det språklege føydalsamfunnet i oppløysing.   


Sist oppdatert: 06.06.2017