Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

28.10.1907 godkjenner statsråd Abraham Berge ved kongeleg resolusjon Hognestads Tekstbok og altarbok for Den norske Kyrkja (sjå 1900 og 1907), men boka skal berre brukast ”hvor presten (presterne) til enhver tid ser sig i stand til at præke paa landsmaal” (sjå 17.12.1915). Boka kjem ut i mars 1908 på Salmebokforlaget. Då har Bygland i Setesdal alt brukt bøkene eitt år.
 
28.10.1966 kjem første nummeret av Sygnabladet ut i Sogndal med Per Hilleren som redaktør. Siste nummeret kjem 16.6.1967.
 
28.10.1971 streikar over 35 000 elevar ved 110 gymnas for at lærebøker skal kome ut på begge målformer til same tid og til same pris. I fleire år frametter blir det mange slike aksjonar (sjå 20.5.1974).
 
28.10.1977 opnar Sogn og Fjordane Teater med framsyninga Dei siste maksveringar av Rolf Losnegård. I prøveperioden fram til 1980 er teatret allmøtestyrt.
 
28.10.2008 lanserer statsråd Bård Vegar Solhjell  kampanjen ”Bøker i tide 09” som inneber auka løyvingar for at læremidla skal kome i rett tid, med krav om at fylkeskommunane og skulane skal kjøpe inn desse i tide, og at forlaga sørgjer for at desse kjem i tide.
 
 

All verdas språk

 

28. oktober 1928 vedtek ei rørsle av unge frigjeringsforkjemparar i det tre setningar korte manifestet Sumpah Pemuda (Eid frå dei unge) at malayisk skal bli nasjonalspråk i eit framtidig Indonesia: «We the sons and daughters of Indonesia, respect the language of unity, Indonesian.»
Dei arbeider for eitt fedreland, éin nasjon, eitt språk. Det språket skal vere malayisk, men opprørarane vil kalle det indonesisk. Malayisk har lenge tent som lingua franca i både dei britiske og dei nederlandske koloniane i Søraust-Asia, og begge kolonimaktene har brukt det i undervisning og forvaltning.
Frå 1942 okkuperer Japan området, men sjølv om okkupasjonsregimet vil det annleis, breier malayisk seg no endå meir. I sjølvstendeerklæringa for Indonesia i 1945, som Nederland først godtek i 1949, blir bahasa indonesia nasjonalspråk. Med det er Indonesia det første landet som gjer malayisk til offisielt språk. Malaysia gjer det same i 1957, Brunei i 1959.
Indonesia feirar 28. oktober som nasjonalspråkdag.
Sist oppdatert: 22.08.2014