Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

29.10.1962 vedtek Vestmannalaget med 14 mot 6 røyster å melde seg ut av Noregs Mållag.

29.10.2008 opnar Stortinget den nye versjonen av nettstaden stortinget.no med både nynorsk og bokmål. Dette er første gongen Stortinget administrativt bruker nynorsk.

29.10.2010 blir Syn og Segn kåra til årets nordiske tidsskrift. Prisen blir delt ut på bokmessa i Helsinki. I grunngivinga skriv juryen mellom anna at «Syn og Segn kjennetegnes av uforutsigbare og overraskende vinkler og temavalg. Det er et spennende og lesbart tidsskrift som tør gå egne veier. Syn og Segn redigeres med humor og snert, og er et ujålete og relevant tilskudd av høy kvalitet til den norske tidsskriftfloraen».

29.10.2014 vedtek styret ved Høgskulen i Volda samrøystes ein strategiplan 2015–2018 der «dei nasjonale satsingsområda er yrkesretta medieutdanning, nynorsk i utdanning, forsking og formidling, og fleksible vidareutdanningstilbod», og at høgskulen «skal fremje nynorsk språk og kultur».

29.10.2015 presenterer Huseiernes Landsforbund husleigekontrakt for bustader på nynorsk. På drivar har vore Ola Fuglestad, melder NRK Sogn og Fjordane.

All verdas språk

29. oktober 1815 blir Ľudovít Štúr fødd i Uhrovec i Slovakia.

Štúr blir politikar, står i spissen for slovakiske frivillige under 1848-revolusjonen i Ungarn og er medlem av den lovgivande forsamlinga i Ungarn. Han legg grunnlaget for slovakisk språk og bryt med det opp frå tanken om eit felles tsjekkisk-slovakisk språk. På den tida er der to litterære språk i Slovakia – eit katolsk basert på dialektar i vest, og eit protestantisk, bygt på dialektane i aust.

Vendepunktet kjem 2. februar 1843. Då er lutheranaren Štúr og venene hans samla i Pressburg, og dei bestemmer seg for å utvikle standardspråket slovakisk som ein fellesnemnar for sentrale slovakiske dialektar. Han legg grunnlaget for det nye språket med to bøker som begge kjem ut i 1846: Nauka reči Slovenskej (Lærebok i slovakisk) og Nárečja Slovenskuo alebo potreba písaňja v tomto nárečí (Slovakisk talemål og behovet for å skrive på dette talemålet), den sistnemnde skriven i 1844.

Han døyr 12. januar 1856.

Ľudovít Štúr er språkpolitikaren med to museum. I Uhrovec blir huset han er fødd i, opna som museum 31. oktober 1965. Frå 1995 inkluderer museet Alexander Dubček, fødd i same huset i 1921. Dubček var den reformsøkjande generalsekretæren i kommunistpartiet som blei avsett då styrkar frå Waszawa-pakta invaderte Tsjekkolsovakia 21. august 1968. Også det andre museet for Ľudovít Štúr blei opna i 1965. Det ligg i det huset i Modra der han døydde.

Sist oppdatert: 29.10.2019