Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

3.10.1921 kjem første nummeret av Sunnmøre ut i Volda, som framhald av Søndmøre Avis. Siste nummeret kjem 31.3.1926. 

3.10.2002 blir det kjent at Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvt 60 000 kroner til nynorskversjon av programpakken OpenOffice. Fylkeskommunane Akershus, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal har sommaren 2002 fått omsett OpenOffice til bokmål (sjå 9.10.2003).

3.10.2017 blir Kristian W. Rantala frå Bø i Telemark tilsett som dagleg leiar ved Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark. Rantala tek til i stillinga 2.1.2018. 

All verdas språk

3. oktober 1990 opnar det sørsamiske museet og kultursenteret Saemien Sijte i Snåsa i Noreg. Frå 2002 er senteret eit forvaltningsorgan under Sametinget. Saemien Sitje er det første av fleire språk- og kultursenter for urfolks- og minoritetsspråk i Noreg.

Sørsamisk kofte. Foto: Sametinget. CC BY 2.0

Sørsamisk kofte. Foto: Sametinget, Flickr.com CC BY-SA 2.0

1957 har den norske språkforskaren Knut Bergsland og Gustav Hasselbrink gitt ut ei tekstbok på sørsamisk. Skrivemåten følgjer dei same prinsippa som Bergsland saman med den pitesamiske språkforskaren Israel Ruong i 1948 la til grunn for ei nordsamisk rettskriving. Bergsland følgjer opp med ei heilt ny rettskriving for sørsamisk i 1974, denne gongen saman med den sørsamiske læraren Ella Holm Bull. Endå eit samarbeid, med Lajla Mattsson-Magga, resulterer i Åarjelsaemien-daaron bakoegärja (Sørsamisk-norsk ordbok) i 1993.

Det sørsamiske teateret Åarjelhsaemien Teatere blir skipa i Hattfjelldal og Tärna i 1985 og har no base i Mo i Rana. Med ein administrasjon på mindre enn to årsverk skal teateret dekkje sørsamiske miljø i fire fylke – Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark.

På 2000-talet blir det utvikla plan for eit nytt sørsamisk senter i Snåsa. Prislappen kjem etter kvart opp i 300 millionar 2016-kroner. I 2015 er prosjektet redusert til 140 millionar, og i statsbudsjettet for 2018 vedtek Stortinget å løyve 115,5 millionar fram til 2021.


Sist oppdatert: 22.02.2019