Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

30.10.1990 tek Theo Koritzinsky opp att synspunkta sine om at Ivar Aasen-museet er for lite, på ein landskonferanse om kulturforsking i Førde (sjå 12.9.1990). 

30.10.2008 kunngjer Kunnskapsdepartementet at den gamle ordninga med to eksamensdagar og to eksamenskarakterar skal takast opp att ved norskeksamen i 10. klasse. Ordninga med éin felles eksamensdag blei dermed berre praktisert i 2008.

All verdas språk

30. oktober 1888 får lêrmakaren John Loud det første patentet til ein kulepenn. Han har utvikla ein penn som kan skrive på lêr.

Den 15. juni 1938 får den ungarske avisredaktøren László József Bíró engelsk patent for si løysing som han har utvikla saman med broren Georg, som er kjemikar. Biró er jøde og flyktar i 1941 til Argentina. Der set han kulepennen i produksjonen under namnet Biromé, som raskt blir kvardagsspansk for kulepenn i det landet.

På ein tur til Buenos Aires oppdagar den amerikanske entreprenøren Milton Reynolds kulepennane, kjøper med seg fleire heim, skipar Reynolds Pen Company og set i gang produksjon utan lisens frå Biró. Den 29. oktober 1945 er Reynolds-pennen i sal i New York for $ 12,50. Det same kostar ei natt på luksushotell.

I 1950 lanserer Biró eingongspennen Bic Crystal i Frankrike for 0,50 franc. 

Sist oppdatert: 18.02.2019