Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

31.10.1900 blir Studentmaallaget i Kristiania skipa med Leiv Heggstad som første formann.

31.10.1985 kjem første nummeret av Øy-Blikk ut på Valderhaug med Odd Egil Valderhaug som redaktør.

31.10.2014 har ei ordbokgruppe sitt første møte. Det er Nynorsk kultursentrum som har invitert representantar for Universitetet i Bergen. Høgskulen i Volda, Det Norske Samlaget, Vennelaget Samlagsrota, Norsk Ordbok 2014 med i ei gruppe som skal utvikle moglege løysingar for språksamlingane og ordbokarbeidet. Seinare blir også representantar for Universitetet i Stavanger, NTNU og UiT – Noregs arktiske universitet med i gruppa. Det 15. og siste møtet i gruppa blir halde 16.12.2015.

All verdas språk

31. oktober 1517 skriv professor og augustinarmunk Martin Luther brev til erkebiskop Albrecht von Mainz und Magdeburg og biskop Hieronymus Schulze von Brandenburg med kritikk mot avlatshandelen og det Luther meiner er misbruk av avlat. I brevet legg han ved 95 tesar som grunnlag for vidare offentleg drøfting av saka. Tesane er skrivne på latin, og brevet finst, men originalvedlegget er gått tapt. I februar 1518 ligg skriftet føre i tysk omsetjing.

Forteljinga om at Luther denne dagen slo tesane opp på døra i slottskyrkja i Wittenberg, må avskrivast som ein myte. Den katolske kyrkjehistorikaren Erwin Iserloh viste i 1961 at historia ikkje kan stemme, og han har fått brei tilslutning til dette. Luther skreiv svært mykje, men nemnde aldri at han hadde gjort det slik. Han publiserte tesene fordi dei skulle drøftast offentleg på ein disputas, men hadde ikkje rekna med så stor interesse.

Tesane utløyser ein strid med det kyrkjelege overherredømet i Roma. Pave Leo 10 skuldar Luther for kjetteri i juni 1518 og kallar han inn til forhøyr i Roma. Etter protestar går paven med på at forhøyret skal gjennomførast i Augsburg vinteren 1519. Som «slave av eit forkvakla sinn» blir Luther lyst i bann 3. januar 1521 med Decet Romanum Pontificem. Det skjer berre 14 dagar etter at han har brent b¨de den katolske kyrkjeretten og skriftet frå paven med trugsmål om bannlysing.

Luther og tilhengjarane hans bryt med Roma. Dette innleier den store reformasjonen i Nord-Europa med skifte frå katolsk til protestantisk kyrkje. I Noreg skjer dette frå 1536.

På denne tida dominerer framleis latin i europeisk lærdomskultur. Luther skriv sjølv meir latin enn tysk, og av alle bøker som i 1570 er trykte i det tyske språkområdet, er enno 70 prosent på latin. 150 år seinare utgjer desse bøkene om lag 17 prosent, kring 1800 berre 4 prosent.

Ei bannlysing blir svært sjeldan ppheva, og ikkje posthumt, og Luther er såleis framleis bannlyst. «Ein kan ikkje gjere noko for Martin Luther no av di Martin Luther, kvar han no enn er, ikkje er oppteken av desse fordømingane», seier Edward Cassidy, den økumeniske leiaren i Vatikanet i 1999. Då pave Benedikt 16 vitjar Tyskland i 2011, seier han at Luther var ein sann truande og eit stort vitne for trua. Med sitt tyske opphav blir han den første paven som omtalar Luther i rosande ordelag. Kanskje er han også den første paven etter Leo 10 som har lese noko av det Luther skreiv.

Sist oppdatert: 29.07.2019