Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.10.1901 kjem første nummeret av Sygna ut i Sogndal med Jens Kvále som redaktør. Avisa er eit framhald av Ungdom (sjå 18.7.1896). Siste nummeret kjem 20.3.1903. Avisa held fram i Sogns Tidende.

4.10.1946 kjem første nummeret av Sulaposten ut i Langevåg med Tor Bergmann og Ansgar Slagnes som redaktørar.

4.10.1974 kjem første nummeret av Nordhordland ut på Isdalstø med Terje Vetås som redaktør.

4.10.2004 blir det nynorske tuntreet, den såkalla Storebjørka i Ivar Aasen-tunet, skadd i stormkast. Heile treet blir teke ned 16.11.2005.

                                                                
Storebjørka i 1936. Foto: Lystad. Kjelde: Ivar Aasen-tunet.

All verdas språk

4. oktober 1534 ligg Martin Luthers tyske omsetjing av Bibelen føre til hausttakkefesten. Dette er eit vendepunkt i tysk språkhistorie og vestleg religionshistorie.

Då han tok til på arbeidet, låg det alt føre 72 omsetjingar av Bibelen eller delar av Bibelen til det som kan kallast tyske språk. Alle desse omsetjingane byggjer på den latinske omsetjinga Vulgata som Hieronymus stod for mellom 382 og 393. Martin Luther meiner denne latinske utgåva er bearbeidd av den katolske kyrkja og bruker difor også dei greske og hebraiske grunntekstane.

Han legg til grunn middelhøgtysk og språket i Sachsen, og omsetjinga fører til at høgtysk etter kvart dannar grunnlaget for moderne tysk. Sjølv seier han det slik: «Ich habe keine gewisse, eigene Sprache im deutschen, sondern brauche der gemeinen deutschen Sprache, das mich beide, Ober- und Niederlender, verstehen mögen. Ich rede nach der sechsischen cantzlei, welcher nachfolgen alle Fürsten und Könige in Deutschland.» Vi må lytte til mora heime, borna på gata og mannen på marknaden, skriv Luther i 1530. 

Lutherbibelen, utgåva frå 1534. Foto: Messiah Lutheran (Mechanicsville, VA), Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Lutherbibelen, utgåva frå 1534. Foto: Messiah Lutheran (Mechanicsville, VA), Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Etter at Martin Luther har kritisert avlatshandelen i den katolske kyrkja, blir han lyst i bann av pave Leo 10 den 3. januar 1521. Keisar Karl 5 kallar Luther inn til riksdagen i Worms for at han skal forklare seg, men etterpå er han ein fredlaus som kven som helst kan ta livet av. Fyrst Fredrik 3 av Sachsen legg si vernande hand over Luther, som under namnet Junker Jörg løyner seg på slottet Wartburg ovanfor Eisenach frå mai 1521.

Frå desember 1521 til februar 1522 sit Luther der og omset Das Newe Testament Deutzsch på 11 veker. Etterpå følgjer månader med detaljrettingar. Førsteopplaget på 3000 eksemplar ligg føre i september 1522. Då er Luther alt i gang med tekstrevisjonar til det neste opplaget før jul same året. Berre i åra fram til 1533 kjem Nytestamentet ut i 83 store opplag.

Vel ferdig med Det nye testamentet får Martin Luther med seg ni andre til å omsetje Det gamle testamentet. Til det treng dei 12 år. På tre år blir heile Bibelen seld i 100 000 eksemplar. Etter den samla førsteutgåva av Biblia hausten1534 held Luther fram med språkleg revisjonsarbeid, og då ei ny utgåve ligg føre i 1541, er det gjort mange endringar frå førsteutgåva.

Han les sin siste korrektur i 1545, og då han døyr vinteren 1546, har heile Bibelen vore trykt i 10 opplag og delar av Bibelen i meir enn 80 opplag berre i Wittenberg. Prisen på verket svarar til 2 ½ ku, men alt i 1546 har kanskje kvar trettande tyskar ei utgåve av heile eller delar av Bibelen. Sjølv såg Luther ingen bibel før han var 20 år gamal. 


Sist oppdatert: 29.07.2019