Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

5.10.1861 blir det første mållaget, Maalfelaget, skipa i Kristiania av 33 personar.

5.10.1971 kjem første nummeret av Driva ut på Sunndalsøra med Einar Sæter som redaktør.

5.10.2010 offentleggjer regjeringa Stoltenberg framlegget til statsbudsjett for 2011, som mellom anna inneheld ei første løyving på 1 million kr til Olav H. Hauge-senteret. I desember løyver også Hordaland fylkesting og Ulvik herad driftsmidlar til senteret for 2011 (sjå 7.9.2000, 15.9.2009, 16.8.2010, 6.9.2010, 13.1.2011, 4.9.2014).

All verdas språk

5. oktober 1940 står første teikneseriestripa med Vangsgutane på prent i Nynorsk Vekeblad, fortald av nordmøringen Leif Halse og teikna av nordlendingen Jens R. Nilssen.

I dette bladet held serien det gåande til 1954. I åra 1941–81 kjem Vangsgutane også ut som julehefte, berre ikkje 1944, 1946 og 1963. Nilssen illustrerte først i svart-kvitt, men etter kvart kjem serien i fargar.

Halse har lagt handlinga til eit småbruk i heimbygda Todalen på Nordmøre. Vangsgutane er dei to brørne Steinar og Kåre Vangen, laga som eit moralsk motstykke til dei amerikanske rampungane Knoll og Tott. Frå 1983 har Fonna Forlag gitt ut julehefta som opptrykk av tidlegare seriar. I 2011 kom den første nye forteljinga om Vangsgutane på 30 år, skreiven av Sverre Årnes og treikna av Ivan Andreassen.

Jens R. Nilssen ein aktiv og etterspurd teiknar i skjemteblad som Hvepsen, Karikaturen og Humoristen i første halvdel av 1900-talet. Han var også den viktigaste illustratøren i Norsk Barneblad (like frå 1906) og i Nynorsk Vekeblad og i fleire tiår frå 1930 dominerte han norsk teikneseriekunst gjennom seriar som Haukepatruljen, Smørbukk, Tuss og Troll og Vangsgutane. På dei femti åra han arbeidde som teikneseriekunstnar, skapte han truleg 50 000 teikningar.

Sist oppdatert: 23.01.2017