Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.10.1877 kjem første nummeret av avisa Fedraheimen, med Arne Garborg som redaktør. Siste nummeret kjem i mars 1891. Då har minst 12 personar vore med og redigert bladet. 
 
Fedraheimen. Foto: Nynorsk kultursentrum
 
Fedraheimen. Foto: Nynorsk kultursentrum

6.10.1899 held Marius Hægstad den første førelesinga på landsmål ved Universitetet i Kristiania.
 
6.10.1913 blir Det norske Teatret opna i Teatersalen til BUL Oslo i Bøndernes Hus, Rosenkrantzgt. 8, Kristiania, med framsyninga Jeppe paa Berget, omsett av Arne Garborg. Kong Haakon 7 er til stades (sjå 3.1.1891, 2.3.1897, 18.11.1898, 10.3.1899, 27.10.1910, 15.1.1911, 22.11.1912, 2.1.1913).
 
6.10.2011 blir Edvard Hoem tildelt statsstipend av regjeringa Stoltenberg.
6.10.2013 feirar Det Norske Teatret hundreårsjubileet sitt med ope hus i Oslo. Kong Harald 5 og om lag 10 000 andre er med på den daglange feiringa.

All verdas språk

 

6. oktober 1996 offentleggjer tyske forfattarar og intellektuelle Die Frankfurter Erklärung på bokmessa i Frankfurt. Dei protesterer mot ei ny tysk rettskriving som skal gjelde frå 1. august 1998.
Frå då har dei tyske delstatane saman med Austerrike, Sveits og Liechtenstein forplikta seg til å innføre ei rettskriving som bestemmer at substantiv skal skrivast med små bokstavar og som forenklar særskriving og samanskriving av ord. Protestane blir mange, og striden varer i mange år. Den 27. september 1998 røystar såleis 56,4 prosent av innbyggjarane i Slesvig-Holstein mot endringane.

I moderert form blir rettskrivinga likevel innført frå 1. august 2006. Då er det mellom anna blitt valfritt å skrive substantiv med store eller små forbokstavar i mange høve. Dette er den første rettskrivingsreforma etter at Tyskland på ny blei éin stat.

I åra med Deutsche Demokratische Republik (DDR) 1948–91 oppstod store skilnader i det politiske ordtilfanget. DDR prøvde lenge i større grad enn Forbundsrepublikken å demme opp mot påverknad frå engelsk, og DDR brukte ein del særmerkte nemningar. Eurovision blei der til Intervision, Zielsetsung til Zielstellung, og Kellnerin til Serviererin.  
 
Sist oppdatert: 22.08.2014