Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

7.10.1958 vedtek Stortinget ny læreboknormal (sjå 3.4.1959).

All verdas språk

7. oktober 1992 døyr Tevfik Esenç i Hacı Osman i Tyrkia, 88 år gamal. Han var den siste som fullt ut kunne tale det vestkaukasiske språket ubykh. Ubykharane måtte flykte frå Kaukasus i 1864, og dei fleste busette seg i Tyrkia.

Esenç veks opp saman med besteforeldra sine i Hacı Osman, og det er dei som lærer han ubykh. Han meistrar også tyrkisk og hakuchi adyghe, ein dialekt av det vestkaukasiske språket adyghe. Esenç livnærer seg først som bonde, og etter år som borgarmeister i den vesle heimbyen blir han tilsett i offentleg forvaltning i Istanbul.

Der møter han den franske språkforskaren Georges Dumézil og blir ei viktig kjelde for å kartleggje språk og kultur hos ubykharane. I arbeidet med å dokumentere språket tek Dumézil fleire gonger med seg Esenç til Paris og til kollegaen Hans Vogt i Oslo. Esenç blir jamvel røntgenfotografert medan han snakkar. Dumézil gir ut La langue des Oubykhs i 1931, og i 1963 publiserer Vogt Dictionnaire de la langue oubykh avec introduction phonologique.

Den siste talaren av ubykh får tre søner, men ingen av dei lærer språket. Mykje er tapt, seier Dumézil då Esenç er død, «men mykje er også berga, og til skilnad frå gamalgresk og gamallatin har vi opptak av ubykh».

På gravstøtta hans står det han sjølv villeskulle stå der: «Bu Tevfik Esenç’in mezarıdır, o Ubıhça’yı konuşan son kişiydi.» (Dette er grava til Tevfik Esenç. Han var den siste som kunne snakke det språket dei kalla ubykh.)

Den dagen Esenç døyr, kjem den danske språkforskaren Ole Stig Andersen til byen for å intervjue han. 

Sist oppdatert: 29.07.2019